Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Nyheiter > Første Frisklivssentralen Aktiv i Volda

Første Frisklivssentralen Aktiv i Volda

Onsdag 19.oktober opna Frisklivssentralen Aktiv i Volda, som den første i Møre og Romsdal fylke. Frisklivsrettleiar Mona Helen Kile er tilgjengeleg for publikum på kontoret sitt på Omsorgssenteret frå onsdag 19.oktober. 

Vi bygger på etablerte frisklivssentralar sine erfaringar og på arbeidet som alt er gjort gjennom Aktiv i Volda, difor namnet Frisklivssentralen Aktiv i Volda.  

På Frisklivssentralen får ein hjelp til å endre levevanar. Tilbodet er ein del av kommunehelsetenesta og tilbyr individuell rettleiing, motivasjonssamtale og tiltak knytt til fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Ein vil også kunne nytte seg av tilbod som allereie eksisterer når det gjeld fysisk aktivitet, t.d. gjennom Volda kommune sin Aktivitetsplan.

Helsedirektoratet rår til at alle kommunar etablerer ein frisklivssentral og det er fleire kommunar rundt om i landet som alt har etablert dette. Volda er den første kommunen i Møre og Romsdal som startar opp dette tilbodet og har fått kr 175.000 frå Møre og Romsdal fylke til etablering og oppstart. 

Ein treng ikkje vere sjuk eller å ha ei diagnose for å vere deltakar på ein frisklivssentral. Helsepersonell  og evt. andre kan tilvise deltakarar som kan ha nytte av fysisk aktivitet, slutte å røyke eller endre kosthaldet for å betre helsa si eller for å førebygge utvikling av sjukdom. Ein vil få ein frisklivsresept som varer i 12 veker. Resepten kostar kr 300,-. I løpet av reseptperioden får ein hjelp til å gjere endringar som skal verte varige og som ein skal klare å halde fram med på eiga hand. Resept kan ein også få ved å vende seg til Frisklivssentralen direkte. 

Det vil bli sett i gang treningsgrupper i regi av Frisklivssentralen Aktiv i Volda. I tillegg har Frisklivssentralen Aktiv i Volda samarbeidsavtaler med Tren Volda, Innersvingen (– sirkeltrening for kvinner) og Stiftinga Varmtvassbassenget, slik at deltakarane kan få prøve ut ulike aktivitetstilbod. Bra mat-kurs eller individuell kosthaldsrettleiing vert også ein del av tilbodet til Frisklivssentralen Aktivi i Volda.

Personane på biletet, frå venstre: 
Helsesjef Runa Bakke 
Kommunefysioterapeut Randi Heltne Alfsvåg 
Frisklivsrettleiar Mona Helen Kile 
Folkehelsekoordinator Berit Koen