Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Nyheiter > Undersøking viser at Møre og Romsdal har aktiv ungdom

Undersøking viser at Møre og Romsdal har aktiv ungdom

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke har fått laga ei undersøking som viser stor fysisk aktivitet blant ungdomsskoleelevane i fylket. Undersøkinga er gjennomført hausten 2004 blant ungdomsskoleelevane ved 9 skolar i til saman 6 kommunar.

Totalt har 1816 elevar svart på spørjeskjemaet, noko som utgjer over 90 prosent av elevtalet ved dei utvalte skolane.
 
3 av 4 elevar er fysisk aktiv
Undersøkinga viser at det store fleirtalet, omkring 3 av 4 elevar er fysisk aktive i organisert idrett og på andre måtar. Delen som er lite aktive utgjer mindre enn 10 prosent av elevane. Samanlikna med nasjonale og andre liknande undersøkingar er ungdomsskoleelevane i fylket vårt meir aktive enn annan ungdom i same alder. Svara frå elevane viser at det er liten forskjell i aktivitet mellom dei ulike områda i fylket, mellom kommunane og mellom skolane. Gutane og jentene er om lag like aktive, men det er visse variasjonar i korleis ein er fysisk aktive. Gutane syklar meir og sparkar meir fotball, medan jentene spelar meir handball og driv med andre ballidrettar. Dei dansar også meir og går meir på fottur.
 
Stor spreiing i ønska
Ein ser ein nedgang i aktiviteten frå 8. til 9. klasse og til 10. klasse. Dette er mest tydleg i den organiserte idretten. Denne nedgangen har det same mønsteret som i andre deler av landet og i andre land. Den store utfordringa for framtida er å leggje til rette for gode aktivitetstilbod etter kvart som ungdomen blir eldre. Mange unge ønskjer seg fleire og betre idrettsanlegg, men det er stor spreiing i ønska. Eksempel som blir nemnt er (større) idrettshallar, symjehallar, alpinanlegg, treningssenter, dansestudio, skateramper, rideanlegg, anlegg for motoraktivitetar, ballbingar og fotballbanar.
 
For dei unge er det viktig å ha tilgang til anlegga. Det betyr at anlegga bør liggje så nær bustaden som mogleg og kostnaden ved bruk bør vere låg. Fleire unge trekkjer fram avstand og kostnad som som avgrensenande faktorar. Litt forenkla kan ein seie at det er eit "umetteleg" behov for anlegg som ungdomen kan nytte kostnadsfritt.
 
Trivst i skolen og i fritida
Resultata viser at dei unge er aktive, har gode tankar om seg sjølve og trivst godt både på skolen og i fritida. Det er derimot eit mindretal som er lite aktive, og det er viktig at det blir utvikla nye aktivitetsmoglegheiter for denne gruppa. Den store utfordringa er knytt til aktivitetstilbod etter kvart som ungdomane blir eldre. På slutten av ungdomsskolen er aktiviteten svakt synkande. Denne nedgangen er lik den vi finn andre stader, noko som tyder på at det også i Møre og Romsdal vil vere sterkare nedgang i aktivitetsnivået etter avslutta ungdomsskole. 
 
Det er NTNU-Samfunnsforskning, Senter for idrettsforskning som har laga rapporten på oppdrag frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke.