Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Satsingsområder > Fysisk aktivitet > Erfaringskonferanse for God Helse partnarskapet

Erfaringskonferanse for God Helse partnarskapet

9-10 november i Molde
Kva har skjedd og kva har vi lært av 8 års folkehelsearbeid?    

Målsettinga med konferansen er at erfaringane frå åtte år med folkehelsearbeid skal gi kompetanse til eit godt folkehelsearbeid i Møre og Romsdal i framtida.

Utviklinga av God Helse partnarskapet har vore eit nybrottsarbeid både på kommune- og fylkesnivå, og på konferansen får vi presentert korleis arbeidet har utvikla seg desse åra. I dag er 32 av kommunane i fylket med i partnarskapet.  

I framtida vil kommunane få eit større heilskapleg ansvar for innbyggarane si helse, så smarte kommunar bør prioritere folkehelse som eit langsiktig satsingsområde.

Målgruppa for konferansen er alle som arbeider med folkehelsefaktorar i offentleg, privat og frivillig sektor.

Arrangør:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Kompetansesenter rus – Midt-Norge
  • Møre og Romsdal Idrettskrets

 
 Påmelding og program finn du på nettsidene til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og her:
 Påmelding og program
 

Frist for påmelding: 10. oktober 2011.

Kontaktpersonar

Ann Helene Skare Ann Helene Skare
Rådgivar folkehelsearbeid
71 25 82 75 /
Mob. 958 89 423
Send e-post