Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Satsingsområder > Fysisk aktivitet > Fire av fem nordmenn beveger seg for lite

Fire av fem nordmenn beveger seg for lite

Samfunnet har enorme helseutgifter på grunn av inaktivitet. Eit av dei beste tiltaka for å snu trenden er å legge betre til rette for å gå og sykle.

 Totalt har over 3400 personar i alderen 20-85 år teke del i kartlegginga. Undersøkinga stadfestar at det store fleirtalet av nordmenn er for lite fysisk aktive. Sjå kortversjon av undersøkinga HER

Kartlegginga er unik, sidan ein for fyste gong har nytta aktivitetsmålar saman med spørjeskjema. - Resultata viser at berre ein av fem er aktive i tråd med Helsedirektoratet sine tilrådingar om 30 minutt dagleg fysisk aktivitet, seier professor Sigmund A. Anderssen ved NIH 

Dramatisk utvikling

- Til tross for at fleire rapporterer at dei trenar, kompenserer ikkje det for manglande aktivitet i kvardagen, seier Knut-Inge Klepp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.  I " kartlegginga av born og unge i fjor såg vi eit kraftig fall i aktivitetsnivået frå 9-åringer til 15-åringar. Om ein samanliknar data for born og unge med data for vaksne, ser ein at aktivitetsnivået fell med 31% frå 9 til 15 år og vidare med 31% frå 15 til 20 år. 

- Det er inga biologisk årsak til at aktivitetsnivået skal falle slik med alderen. Det må ha noko med korleis vi legg til rette for bevegelse, seier professor Sigmund A. Anderssen ved NIH. 

- Fleire må kunne gå og sykle i nærmiljøet

- For å få fleire i aktivitet er det naudsynt å legge samfunnet betre til rette. Dette inneber mellom anna å betre tilhøva for gåande og syklande, samt avgrense fordelane ved bilkøyring. Dette er både god helse- og miljøpolitikk, seier divisjonsdirektør Knut -Inge Klepp i Helsedirektoratet . Fordi vi ser ein stor nedgang i aktivitet frå ni år fram til vaksen alder, er det heilt naudsynt å få inn fleire timar med fysisk aktivitet i skulen, samt satse sterkare på kommunikasjonstiltak som støttar opp under dei samfunnsmessige tiltaka, held Klepp fram. 

I ein rapport om inaktivitet som kom i sommar, kjem det mellom anna fram at aktivitetstilboda må vere lagt til rette også for dei som ikkje er veldig spreke. Dersom ein vil ha fleire i aktivitet må aktivitetane tilpassast betre   den einskilde.

- Dette er eit viktig signal, og understrekar behovet vi har sett for gode lågterskeltilbod der folk er, seier Klepp. Vi ser at det er eit stort potensial for å auke aktiviteten i befolkninga. Med ei aldrande befolkning og auke i livsstilssjukdomar er fysisk aktivitet god medisin både for samfunnet og den enkelte, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp. 

Om undersøkinga

Undersøkinga kan lastast ned på Helsedirektoratet sine nettsider 

Undersøkinga er gjennomført av Norges idrettshøgskole(NIH) i samarbeid med ni andre høgskular og universitet. Undersøkninga er gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet 

Ein har nytta aktivitetsmålar i kombinasjon med spørjeskjema, noko som gjer dette til ei unik studie i verdssamanheng. Aktivitetsmålaren er et lite elektronisk apparat som gir mye og nyansert informasjon om den bevegelsen personen utfører.

Deltakarene har gått med ein aktivitetsmålar på kroppen i 7 dagar og svart på spørjeskjema.

120 kommunar har teke del

Nokre funn: 

20 prosent oppfyller anbefalinga om å vere moderat fysisk aktiv 30 minutt kvar dag

22 prosent av kvinner oppfyller anbefalingane, mot 18 prosent av mennene

Aktivitetsnivået er relativt stabilt frå 20-årsalderen til 70-årsalderen 

Det er fleire inaktive personar med låg utdanning

Overvektige har lågare aktivitetsnivå enn normalvektige

Regionale skilnadar: Nord-Noreg og Finnmark har gjennomsnittleg lågare aktivitetsnivå enn andre fylker i undersøkinga

Sesongvariasjonar: Nordmenn er mindre aktive om vinteren enn elles i året

Nordmenn er meir aktive i helgene enn på vekedagane