Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Satsingsområder > Kosthold > Volda Sanitetslag satsar på Kvinnehelse

Volda Sanitetslag satsar på Kvinnehelse

16 jenter stilte opp til første time på Ungdomstrimmen, og 14 innvandrarkvinner møtte på kosthaldsrettleiing.
Dette må seiast å vere ein svært vellukka start på Volda Sanitetslag sitt prosjekt, i samarbeid med Volda kommune.

Volda Sanitetslag er ein viktig samarbeidspartnar for God Helse i Volda kommune. Hausten 2005 samarbeidde alle sanitetslaga i Volda om å arrangere ein temakveld om Kvinnehelse i Volda, i samarbeid med kommunen. Då var Professor Jorunn Sundgot-Borgen, kjent frå Norges Idrettshøgskole, Olympiatoppen og helseprogrammet PULS på NRK1 i Volda og snakka om fysisk aktivitet, ernæring og helse. Auditoriet på Volda Turisthotell var sprengt av interesserte tilhøyrarar, og mange måtte snu i døra. No satsar sanitetskvinnene på nye lokale kvinnehelsetiltak, og interessa syner at temaet er like aktuelt.
 
Les meir HER
 
Artikkel om prosjektet finner du HER
 
Brosjyre innvandrarkvinner og  kosthald finner du HER
 
Brosjyre om ungdomstrim finner du HER
 
For meir informasjon les Volda kommune sine heimesider, og Næravisa 17.10.08