"Alle er med" på Monsiaden i Vanylven
For 14. gong gjekk Monsiaden av stabelen i bygda Eidså i Vanylven. Tiltaket er eit dagsarrangement der mange har trent i lang tiid for å førebu seg.
I bygda Eidså i Vanylven kommune har det dei siste 14 åra vore arrangert Monsiaden, eit dags arrangement med fysisk aktivitet for psykisk utviklingshemma. Initiativtakar og pådrivar er gamlelensmannen Mons Sandnes, men han har med seg mange frivillege hjelparar.
Målgruppa er psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon frå den såkalla 7-stjerna, kommunene på Søre Sunnmøre. Vågsøy, Gloppen og Selje kommunar i Sogn og Fjordane er også med. Om lag 125 personar deltek aktivt, men med personlege medhjelparar er det langt fleire som er med på arrangementet. Mottoet for tiltaket er at ”Alle menneske er likeverdig og skal ha same muliegheit til fysisk aktivitet”. Tiltaket gir mulegheit for konkuranse både individuelt og mellom lag.
Tiltaket er eit dags arrangement, men dei påmelde vert oppfordra lang tid på førehand om å legge seg i trening til arrangementet. Deltakarane får hjelp og støtte til dette gjennom dei tenestene dei ellers har frå det offentlege. Arenaen for arrangementet er Eidsåvoll idrettsbane og Eidsåtun grendahus. Første del av dagen tek deltakarane del i friidrett ( 60m, 400m, lengdehopp, kast med liten ball ), aktivitetsløype og bocciaturnering. Alle som deltek får utdelt medaljer eller pokal. Etter aktivitetsrunda er det matservering i form av pølser, kaker og frukt. Til slutt er den etterkvart så populære gruppa ”Merkesteinane” som spelar og underheld, der alle kan få røre på seg eller danse.
Alle er med under arrangementet. Aktivitetane er slik utforma at alle kan delta og få oppleve meistring. Kvart år er det ein hedersgjest og bestemannspremie, og ellers vankar det mykje blomster. Gamlelensmannen og initiativtakaren sjølv får gjerne opp stemninga med flott trekkspelmusikk. Arrangementet har etterkvart vorte veldreve slik at det er ikkje behov for meir ennb eit par møter blant dei frivillege i forkant for å få detaljane på plass.
Mons Sandnes koordinerar og har ansvaret for økonomien, og ser til at arrangementet går i balanse. Saman med kona si Ingrid Sandnes, organiserar dei alle hjelparane som er med. Det er stadig interesserte frå andre kommuner og andre landsdelar som vende seg til arrangørane for å få vite meir om korleis dette er organisert, og ein ser føre seg at tiltaket kan bli vidareutvikla til å gjelde eit større område av landet enn det gjer i dag.
Arrangementet meiner ein å vere spesielt innan fysisk aktivitet, nemleg at målgruppa er psykisk utviklingshemma som har lita mulegheit for organisert fysisk aktivitet ellers. Tiltaket spreier i tillegg mykje glede for alle og meistring for den enkelte deltakar som er viktig for helsa.
Sjå også på linken om filmen om dette arrangementet som nyleg er laga.
Oppdatert: 18.06.10
