God Helse satsing ved Haram vidaregåande skole
Jamn satsing gjennom heile skoleåret på folkehelsearbeid er oppskrifta, seier Hilde K Aasgarden ved Haram vidaregåande skole.
Psykisk helse
Innan psykisk helse har vi i alle år hatt eit nært samarbeid med helsesyster i Haram kommune. Ho får høve til å presentere seg og sine prosjekt ved skulestart etc., og ho har fast treffetid på skulen gjennom heile skuleåret. God kontakt med henne, og hjelpeapparatet elles, har høg prioritering ved skulen. Vi køyrer og VIP-prosjektet årleg i samarbeid med helsesyster, PPT og psykiatrien i kommuna (Vi har vore med i lag med pilotskulane frå oppstarten av VIP i Møre og Romsdal).
Kosthald
Skulen har fokus på kor viktig det er med eit sunt kosthald, og er stolte av det tilbodet den private kantinedrivaren her klarer å gje elevane våre. Skulen har i samarbeid med God helse - Haram og elevrådet vårt, installert vasskjølarar på skulen, og arbeidar nokså aktivt for å få redusert brusforbruket.
Fysisk aktivitet
Vi prøver og å stimulere elevane våre til ein aktiv kvardag gjennom gymopplegget kroppsøvingslærar Stein Ravnestad driv (fokus på eigentrening), samt fleire felles aktivitetsdagar, t.d. gratis skidag for alle, og turneringar med lågast mogleg terskel for deltaking. Blant anna har vi i år prøvd ut ein ny vri, med turneringar lagt til studietida både i haust- og vårterminen. Her konkurrerer basisgruppene mot kvarandre etter ein oppsett plan. Dette har vore eit populært tiltak, i følgje tilbakemeldingane frå elevane.
Meir informasjon om alt dette finn dykk på heimesida til Haram vgs: www.haram.vgs.no
Oppdatert: 18.06.10

