Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Satsingsområder > Psykisk helse > Natur og Kulturminnevandring i Midsund

Natur og Kulturminnevandring i Midsund

Søndag 31. Mai deltok 50 personer på en spennende vandring på Reitaneset /Nord Heggdal i regi av Midsund kommune og Nord Heggdal vel.

Søndag 31.mai kl 15.00 møte ca 50 personar opp på Natur- og
kulturminnevandring på Reitaneset/ Nord Heggdal i Midsund. Arrangør var
Midsund kommune ved God Helse/ kultur/ jordbruk og Nord Heggdal vel.
Turen gikk frå Nord Heggdal barnehage langs riksvegen bort til det som er
påstått å vere Sør Aukra sin første bygde veg frå 1869. Langs med vegen fikk
vi guiding frå jordbruksrådgjevar Nils Edvin Sanden som fortalte om
Dr.Heggdal som planta ein mengde bartrær her fram til slutten av 1950-talet
fra ulike stader i verda. Her var barlind, sypresser, tuja, Douglasgran,
edelgran i mange former og mykje anna.

 

Heile flokken på tur står oppmerksame og følgjer med på det som vert sagt av

Nils Edvin Sanden

Turen gikk vidare nedanom hytta til tidlegare dr Heggdal, der sonen tok i
mot og fortalte om ein soldag i midten av 1950 åra då mor hans fikk auge på
helleristningane på steinane like ved hytta. Helleristningane viser ei
kveite og ein stor skogsfugl. Vidare fekk turgåerane sjå ein mengde
rhododendronplantar i hagen før turen gikk vidare tilbake på den gamle
bygdevegen, om riksvegen og tilbake i barnehagen.
I barnehagen hadde Nord Heggdal vel tent opp grill for dei som ville grille,
samt kokt kaffe på den nye turkjelen dei fekk frå Midsund kommune og
Friluftsrådet. Kjelen er gitt i gåve til velforeininga som takk for god
hjelp med dette og neste arrangement som er Ordførarturen laurdag 6.juni kl
1500 til Stølen og Nord Heggdalsvatnet. Velforeiningan diska og opp med
mange gode kaker til å glede seg over ved sida av kaffen.
Midsund kommune takkar på vegne av alle som gjekk turen for eit godt
samarbeid, og ein triveleg tur
Skreve av Ann-Heidi Orvik, som og er fotograf