Seminar – ”Kunsten å vere menneske og medmenneske ”
Kyrkje, folkehelsa og bulystprosjektet i Vanylven kommune har gått saman om å skipe seminar som styrkar psykisk helse. Ein hyra inn den kjende psykologen John Berglund for å snakke om det emosjonelle språket.
Samfunnet har blitt råka av ein ny epidemi, vi står i fare for å utvikle eit utal av emosjonelle analfabetar. Vi må få bukt med denne epidemien ved å lære oss det emosjonelle språket. Slik seier John Berglund det.
Verdens helseorganisasjon ( WHO ) antek at i 2020 vil psykiske lidingar vere den største sjukdomsbelastninga nest etter hjarte-kar sjukdom. Mobbing, stress og svake sosiale nettverk er ein risiko for den psykiske helsa og helsetenesta vert lett adressat for alle livets problem.
Vanylven kommune ville ut frå dette gi både tilsette og befolkninga elles, noko som kunne styrke den enkelte si evne i å meistre, handtere påkjenningar, få betre sjølvkjensle og tryggleik.
I slutten av oktober arrangerte kommunen seminaret ”Kunsten å vere menneske og medmenneske” over tre kveldar med ulike tema:
· Sjølvbilde, verdioppleving og eigenomsorg
· Den falske kommunikasjonen. Manipulering og psykologisk spel.
· Den vanskelege samtala, konfliktbearbeiding utan taparar
Ein kunne vere med på eit eller fleire tema. For dei som var med på alle, vart det delt ut kursbevis. Oppmøtet var svært godt, kring 75 personar var med på dette. Tilsette i helse- og sosial var i fleirtal av deltakarane, men elles var det folk generelt som var med. Ein kunne ønske seg at fleire menn deltok, men arrangørane er svært fornøgde med seminaret i si heilheit. Dette kan absolutt tilrådast for dei som ynskjer å gjere noko førebyggande på psykisk helse i si kommune.
Oppdatert: 18.06.10
