Nettverkssamlingar om rusførebygging
Møre og Romsdal fylke, Midt–Norsk kompetansesenter for rusfaget, Kommunenes sentralforbund og Actis inviterer til nettverkssamlingar om rusførebygging i Ålesund og Kristiansund.
Desse partane har utvikla ein modell for å kvalitetssikre det rusførebyggjande arbeidet i kommunane. Modellen har fått namnet KRUS, og tar utgangspunkt i visjonen om ”ein ansvarleg rusmiddelkultur i nærmiljøet”. Arbeidet er del av ”Rusforebygging God Helse” i God Helse-programmet i Møre og Romsdal fylke.
Til no har 15 kommunar i Møre og Romsdal gitt tilbakemelding om at dei er interesserte i samarbeidsprosjekt om KRUS og rusførebygging. Prosjekta skal bli gjennomført i tidsrommet 2006-2009.
Arbeidet vil ha som hovudmål at ingen skal ta skade av eigne eller andre sine rusmiddelvanar.
Samarbeidsprosjektet startar med to nettverkssamlingar, i Ålesund 26. oktober og i Kristiansund 2. november.
Kontaktperson:
Spesialkonsulent, rusforebygging, Rita Valkvæ
Telefon: 70 10 62 12
Mobil: 47 87 89 00
E-post: rita.valkve@rus-midt.no
Oppdatert: 18.06.10

