Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > God helse > Satsingsområder > Rus > Satsing på rusførebygging i kommunane

Satsing på rusførebygging i kommunane

20 kommunar deltok på nettverkskonferansar i Ålesund og Kristiansund omkring rusførebyggjande arbeid. Dette er første steg i ei satsing fram til 2009.

Midt-Norsk Kompetansesenter for rusfaget i samarbeid med Møre og Romsdal fylke ved God Helse har i dagane 26. oktober 2006 og 2. november 2006 arrangert nettverkskonferansar i Ålesund og Kristiansund som ein oppstart til KRUS, som er eit kompetanseutviklingsprogram innanfor rusførebyggjande arbeid. Ca 20 kommunar vil delta på programmet. Til saman var det ca 100 personar som deltok på begge konferansane. Av desse var ca ein tredjedel ungdomar frå Fagerlia vidaregåande skole i Ålesund og Atlanten vidaregåande skole i Kristiansund.
 
Dei kommunar som deltek i programmet vil få tilbod om tett oppfølging frå Midt-Norsk kompetansesenter for rusfaget ved m.a. besøk i kommunane. Dei vil få hjelp til å drøfte og utvikle tiltak og kompetanseheving tilrettelagt for den einskilde kommune for å setje i verk tiltak innan førebygging for rusmisbruk i kommunen.
 
På nettverkskonferansane var kommunane tverrfagleg representert, og både ungdom, politi, politikarar og frivillige organisasjonar var med i drøftingane om kva tiltak som bør gjerast for å redusere rusbruket i kommunane. Det var også vist til den auka voldsbruken som går fram av media. Ingen ønskjer ei slik utvikling i sin kommune.
 
KRUS-programmet har lagt opp ein handlingsplan for aktiviteten fram til 2009. I denne perioden kan det også vere aktuelt å gi tilskott til tiltak i kommunane.