Møre og Romsdal på topp i tobakksførebygging
89% av elevane i fylket vårt deltar i FRI- programmet for tobakksførebygging i skolen. På landsbasis er det berre tre fylke med så høg deltaking i programmet.
Statistikken viser at i Møre og Romsdal er 85 % av elevane på 8. klassetrinn i skolen i gang med FRI, programmet for tobakksførebygging i ungdomsskolen. På landsbasis er vi et av 4 fylker med over 85% deltaking i programmet.
Ser vi på heile ungdomstrinnet er 89% av elevane med i programmet. På landsbasis er det berre tre fylke med så høg deltaking.
Skolane og God Helse- koordinatorane i vårt fylke har gjort ein strålande innsats for at så mange av elevane deltek i førebyggingsprogrammet FRI. Ved å gå inn på nettsida www.fristedet.no/fri/nyheter vil ein finne kva skolar som er med.
Oppdatert: 18.06.10

