Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Nyheiter > Kompetanseregionar i tannhelsetenesta frå 1.1.2016

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post
Tone Nord Tone Nord
Overtannlege
71 22 12 39 /
Mob. 954 68 500
Send e-post
Are Kristofer Hjeltnes Are Kristofer Hjeltnes
Overtannlege
70 13 42 50
Send e-post
Trine Beathe Monsen
Tannlege
71 25 83 00
Send e-post
Bjørn Eggen Bjørn Eggen
Leder
71 51 63 55 /
Mob. 450 01 537
Send e-post

Kompetanseregionar i tannhelsetenesta frå 1.1.2016

Gjennom Regional delplan tannhelse (vedtatt av fylkestinget i 2013) og økonomiplan 2015-2018 er det tatt avgjerd om å gå frå 5 tannhelsedistrikt til 4 kompetanseregionar. 

Kompetanseregionar (kart)
Kompetanseklinikkar

Styrka satsing på kompetansebygging er avgjerande for å sikre kvalitet og pasientsikkerheit og bevare eit desentralisert tenestetilbod i tannhelsetenesta. 

Fram mot 2025 er målet å utvikle større fagmiljø gjennom å etablere kompetanseklinikkar i dei 4 regionane. Modellen inneber at kvar region får ein sentralklinikk som skal tilby spisskompetanse og moderne behandlingsteknologi for også å kunne handtere kompliserte og samansette behandlingar. Kompetanseklinikkane blir viktige for å sikre rekruttering av fagpersonell og bidra til stabilitet i tenestetilbodet i periodar det er vanskeleg å rekruttere til dei minste tannklinikkane. 

Tannhelsefaget i utvikling

Den tannmedisinske og teknologiske utviklinga bidrar til stadig fleire og betre behandlingsmetodar. Dette er bra for pasientane, men betyr samtidig aukande spesialisering og auka krav til å ta i bruk moderne utstyr og teknologi. Enkelte typar diagnostisk- eller behandlingsmessig utstyr vil krevje store investeringar. Teknologi og utstyr av denne typen, til dømes laserteknologi og digitalisert kronebehandling, vil derfor berre kunne lokaliserast til kompetanseklinikkane.

Faglege nettverk og kunnskapsdeling

Kompetanseklinikkane skal verke i samspel med distriktstannklinikkane i regionen i faglege nettverk. Det blir viktig å legge til rette for kunnskaps- og kompetanseoverføring, t.d. gjennom hospitering av tannhelsepersonell. Eit allsidig og robust kompetansemiljø, med fokus på fagutvikling, vil vere den beste garantisten for eit fortsatt desentralisert tannhelsetilbod. 

Kva er status for kompetanseklinikkane i dag ? 

Kompetanseklinikken i Molde er allereie etablert, og det blir jobba målretta med etablering av kompetanseklinikkar i Ålesund i 2017/18 og i Kristiansund i 2018/19. På Søre Sunnmøre er det enno ikkje tatt avgjerd om lokalisering, og kompetanseklinikken vil vere etablert først etter 2020. 

Kva betyr overgang til kompetanseregionar for den enkelte tilsette ? 

I prosessen fram mot etablering av kompetanseregionar vil ingen tilsette miste jobben og ingen klinikkar blir lagde ned. Klinikkstrukturen ligg fast inn til det eventuelt blir gjort politiske vedtak om endringar. Arbeidsoppgåvene for dei tilsette på klinikkane vil i utgangspunktet vere som før, og nokre vil få ny overtannlege som følgje av at nordre Sunnmøre og søre Romsdal (NSSR) opphøyrer som administrativ eining ved overgang til kompetanseregionar. 

Kompetanseregion Kristiansund, med Bjørn Eggen som overtannlege, og kompetanseregion Søre Sunnmøre, med Gunnar Eikrem som overtannlege, vil bestå av dei same klinikkane som i dagens tannhelsedistrikt. Kompetanseregion Molde vil ta opp i seg distriktstannklinikkane på Vestnes og Åndalsnes i tillegg til klinikkane som allereie høyrer til Molde. Trine Monsen er konstituert i overtannlegestillinga i Molde. Ålesund kompetanseregion, der Are K. Hjeltnes er konstituert overtannlege, får ansvar for distriktstannklinikkane i Valldal, Ørskog, Vatne, Brattvåg, Harøy, Haramsøy, Stranda og Sykkylven i tillegg til klinikkane som i dag høyrer til i Ålesund. 

Parallelt med etableringa av kompetanseregionane blir kompetansesatsinga ytterlegare styrka gjennom at ein overtannlege blir dedikert rolla som fagkoordinerande overtannlege. 

Fagkoordinerande overtannlege Tone Nord får ansvar for koordinering av regionane sine opplæringsplanar og kompetansetiltak på tvers av regionane. Ho vil vere spesialistane sin kontakt og nærmaste overordna og få ei viktig rolle i initiering av klinikknære forskingsprosjekt. Fagkoordinerande overtannlege vil også bli knytt opp mot TkMN (Tannhelsetjenestens kompetansesenter i Midt Norge) og kontakten mot universiteta. Saman med fylkestannlegen vil fagkoordinerende overtannlege ta stilling til kva spesialitetar som det skal satsast på i dei ulike regionane.

 

Regional delplan tannhelse: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Plan-og-analyse/Regional-planlegging/Regionale-delplanar/Regional-delplan-tannhelse

Kompetansesatsing i tannhelsetenesta: http://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Tannhelse/Kompetanse