Fellestenesta
VELKOMMEN TIL FYLKESHUSET OG DIN NYE ARBEIDSPLASS!
Din arbeidsplass er eit lite tannhjul i offentleg tenesteyting.
Her i fylkeshuskvartalet finn ein ei rad statlege og fylkeskommunale etatar. Alle opptekne av å løyse dei oppgåvene dei er pålagt,- til beste for einskildmennesket og samfunnet som eit heile. Mange oppgåver er det naturleg å samarbeide med andre etatar om. Ein har derfor oppretta ei FELLESTENESTE. Fellestenesta er ei verksemd som så rasjonelt som mogleg skal løyse fellesoppgåver for etatane.
Plassering
Fellestenesta sin ekspedisjon og administrasjon er plassert aust i 1. etg i byggetrinn I. Våre tilsette kan du finne frå kjellar til 7. etasje over 33.000 kvadratmeter bygg, i tillegg kjem store, flotte uteanlegg. Vi arbeider for at din arbeidsplass skal fungere optimalt.
Vi vonar du vil trivast på fylkeshuset!