Arbeidsgivarpolitikk-konferansen 2010
Den 17. og 18. november 2010 var 262 deltakarar frå målgruppa leiarar, tillitsvalte og verneombod samla til arbeidsgivarpolitikk-konferanse på Rica Parken hotell i Ålesund. Begge dagane starta med flotte kulturinnslag frå elevar ved musikk, dans og drama på Fagerlia vgs.
Gjennom denne konferansen, som vart arrangert for andre året på rad, har vi etablert ein stor og viktig arena for implementeing av arbeidsgivarpolitikken og utvikling av Møre og Romsdal fylkeskommune som organisasjon.
Hovudtema på årets konferanse var heilskapleg og utfordrande leiarskap mot gode resultat - med verdigrunnlaget vårt som plattform. Andre tema var livsfasepolitikk og ny avtale om bedriftshelseteneste.
Her kan du lese detaljprogrammet for konferansen .
Marianne Hojem Bye, rådgivar i personalseksjonen, leia forsamlinga som konfransier gjennom to intensive dagar.
Her kan du lese nokre av dei presentasjonane som vart nytta under vegs.
- Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik sin opningstale
- Rådmann i Nesset kommune, Rigmor Brøste Kjersem: "Frå politikk til godt medarbeidarskap i Nesset kommune"
- KS-konsulent, Åsbjørn Vetti : "Verkstad som metode for leiarutvikling"
- Rådgivar i personalseksjonen, Richard Muller: "Vår nye livsfasepolitikk"
- Rådgivar i personalseksjonen Morten Larsen og regionleiar Marius Øksenvåg: "Ny avtale om bedriftshelseteneste" og Presentasjon av Hjelp24
- Filosof og ide-historikar Guttorm Fløistad "Leiarrolla i eit verdiprspektiv"
Vi vil minne alle deltakarane om evalueringa som no skal gjennomførast ved bruk av QuestBack (eiga e-postsending).
Oppdatert: 30.11.10
