Nye organisatoriske tiltak i IT-seksjonen
På grunn av oppgåvemengda i IT-seksjonen, blir det gjennomført nokre tiltak for å betre forholdet mellom oppgåvene og ressurstilgangen i seksjonen. Ettersom vi får stadig større oppgåve-portefølje, blir det ei stor utfordring å kominere utviklingsoppgåvene med dei løpande drifts/supportoppgåvene. IT-seksjonen har no fått midlar til å leige inn eksterne prosjektressursar.
Windows 7 prosjektet får ekstern prosjektleiing
Her har vi no leigd inn prosjektleiar frå AdCom for å fullføre prosjektet. Windows 7 prosjektet er mykje meir enn å gå over til Windows 7 på alle arbeidsstasjonar. Vi skiftar fillagring og utskriftssystem, vi distribuerer alle brukarprogramma på ei heilt ny plattform, og vi får ei ny forvaltning av brukarnavn og passord. I tillegg blir det innført heilt nye såkalla «brukar policyar», der vi av tryggleiksmessige årsaker avgrensar brukarrettane.
Det blir i første omgang gjort ein revisjon og omstrukturering av det som alt er gjort. Når dette er gjennomført, vil vi komme tiltake med ein ny tidsplan for utrulling av Windows 7, saman med ein opplæringsplan i Office 2010 og Windows 7.
Gjennomgang av IT-organiseringa og dokumentasjonsrutinane ved ekstern hjelp
Vi går ut med ein anbodsrunde for ein gjennomgang av måten IT-verksemda er organisert på. Her vil vi m.a. få ei ekstern vurdering av korleis tenestene er dekka og fordelt. Prosjektet vil i første omgang ha fokus på IT-seksjonen, men i neste omgang vil ein sjå IT-tenesene i ein meir total organisasjons-samanhang.
Vi vil også innføre eit rammeverk for såkalla «best practice». Dette inneber at vi får god dokumentasjon på alt vi gjer. Døme på dette er at alle aktivitetane rundt brukarstøtte skal bli logga og dokumentert, og at alle endringane som skjer blir dokumentert på ein standardisert måte.
Vi vonar at dei nevnde tiltaka vil føre til at vi kan gje ein service som står i høve til forventningane i brukar-organisasjonen.
Oppdatert: 26.11.10
