Nye sikringstiltak på web
Etter virusangrepet tidlegare i haust har vi sett i verk fleire tiltak. Eit av tiltaka er eit nytt verktøy for nettverksovervaking og web-filtrering. Vi har dei siste dagane sett opp i test eit verktøy for betre skjerming mot nedlasting av risikable nettstader.
Det verktøyet vi no testar har vi i prøvedrift. Vi går ut med ein tilbodsrunde på eit slikt verktøy ut frå ein kravspesifikasjon (i samråd med innkjøpsseksjonen). Vi kan styre filteret nokså fleksibelt, men overvakingsverktøyet gjev melding til brukarane når ein går inn på sider som blir vurdert som risikable. Dersom en går inn på t.d. pornosider, vil ein no få ei åtvaring. Ein vil aldri kunne gardere seg mot at slike filter er 100% rette, difor vil dei ikkje bli heilt blokkert i denne omgangen.
Dette er starten på ein prosess der vi innfører verktøy for permanent overvaking og sikring av nettet, slik at vi reduserer risikoen for nede-tid på grunn av skadeleg programkode.
Dersom de får problem med at de evt. ikkje kjem inn på nettstader, ber vi om at de melder frå om dette via superbrukarane, slik at det blir registrert i brukarstøtte-systemet.
Oppdatert: 24.11.10
