Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi

God informasjon og kommunikasjon er eit av kvalitetskrava til dei tenestene fylkeskommunen leverer. For at det skal vere eit godt nivå på informasjons- og kommunikasjonsarbeidet, er det nødvendig med eit retningsgivande dokument.

Kommunikasjonsstrategien skal vere førande for eit godt og einskapleg kommunikasjonsarbeid, og skal gje rammer og føringar for korleis vi skal vere synleg i det offentlege rom.

Tydeleg rammeverk
Strategien inngår som ein del av fylkeskommunen sin arbeidsgivar- og organisasjonspolitikk.
Strategien er delt i to delar, ein strategisk del som gir føringar for kva retning vi skal utvikle oss i, og ein operativ del som gir oss verkty for å nå kommunikasjonsmåla.

Gjeld alle tilsette
Strategien gjeld for alle tilsette. På enkelte punkt vil det likevel vere skilnad for kva som gjeld for sentraladministrasjonen og kva som gjeld for skolane.

Brei prosess
I samband med revisjon av kommunikasjonsstrategien i 2014 har strategien vore til drøfting i fylkesrådmannens toppleiargruppe, rektorkollegiet og i HSAMU (hovudsamarbeidsutvalet). I tillegg har strategien vore presentert og diskutert på infoforum og i OD-møte . Den har vore lagt ut på høyring blant dei tilsette på intranett, og det har vore gjennomført workshop med ei arbeidsgruppe som har drøfta ulike problemstillingar knytt til bruk av samhandlingsverkty og sosiale media. Strategien vart vedteken av fylkesrådmannen etter drøfting i HSAMU (hovudsamarbeidsutvalet) den 24.02.15

 

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
Informasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post

Kommunikasjonsmål

Måla i kommunikasjonsstrategien er knytt tett opp mot måla i Fylkesplan og arbeidsgivarpolitikken.

Møre og Romsdal fylkeskommune:
• skal vere ein synleg medspelar i regional utvikling
• skal stå fram i ein einskapleg profil
• skal ha ein kultur for samhandling og deling
• skal ha beredskap for krisekommunikasjon