Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Utdanning

Her finn du intranettsidene til utdanningssektoren i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidene er primært laga for eigne tilsette i fylkeskommunen, men er tilgjengelege for alle nettbrukarar.


Vidareutdanningstilbod pedagogisk bruk av IKT

Utdanningsavdelinga er no i sluttfasen på arbeidet med å skaffe kompetansemiljø/"leverandør" til vidareutdanningstilbod innan bruk av IKT for pedagogisk tilsette.
Tilbodet blir eit modulbasert nett-tilbod med  inntil 15 studiepoeng per modul. Studieopplegget blir organisert med om lag  4 dagsamlingar, nettbasert oppfølging via LMS
og samling av deltakarar på eigne skolar eller på tvers av skolar.

Les meir

Opplæringsplan NDLA

NDLA har laga ein opplæringsplan for nye fag som kjem frå hausten.

Les meir

Kompetanse - ansiennitet undervisningspersonale

Aktuelle føresetnader
Undervisningspersonale si løn er i Hovudtariffavtalen (HTA) knytta til omfang av utdanning (kompetanse) og ansiennitet.  

Vi har samla informasjonsressursane som trengs for kompetansefastsetting og ansiennitetsberekning.

Les meir

Presentasjonar frå IT-samlinga på Vestnes 4 november

Under følgjer dei presentasjonane som vart nytta under seminaret 4 november.

Les meir

Ny avtale om bedriftshelseteneste for alle tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune

Etter ein open anbodskonkurranse er det inngått avtale med Hjelp24 om levering av bedriftstenestester til Møre og Romsdal fylkeskommune. Avtalen omfattar alle driftseiningar og tilsette i fylkeskommunen.

Les meir

Arbeidsgivarpolitikk-konferansen 2010

Spranget-foto-Terje-Rakke_small

Hovudtema på årets konferanse er  heilskapleg og utfordrande leiarskap mot gode resultat - med verdigrunnlaget vårt som plattform.
 
Andre tema er livsfasepolitikk og ny avtale om  bedriftshelseteneste for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om konferansen og påmelding

Les meir

Leiarsamling for dei vidaregåande skolane 26.10 og 27.10.2010

Leiarsamling for dei vidaregåande skolane 26.10 og 27.10.2010 har betre gjennomføring som hovudtema.

Les meir

Ny grafisk profil klar til bruk

Møre og Romsdal fylkeskommune sin nye grafiske profil ligg no klar til bruk. Alle som treng malar for logo, PPT-presentasjonar osv., kan hente desse på intranettsidene. Der får du også fyldig

Les meir

Meld deg på nynorsk-kurset no!

Vi du vere med på nynorsk-kurset i Ålesund torsdag 30. september 2010 må du vere snar; torsdag 16. september går fristen ut for å melde seg på! Rettskrivingskurset blir halde i Fylkesbiblioteket sine lokale i Kirkegata 10 i Ålesund. Målgruppe for kurset er tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune som har behov for å oppdatere dei skriftlege språkkunnskapane sine.

Les meir

Lønnspolitisk dagsamling 07. september 2010

I samband med at det hausten 2010 skal gjennomførast lokale forhandlingar etter HTA kap. 4.A.1 inviterar vi til lønnspolitisk dagsamling for dei vidaregåande skolane.

Les meir