Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 14. februar 14:30 - Onsdag 15. februar 16:00

Fosnavåg

Bygg Bedrift.

TID: Tirsdag 14.februar kl 14.30-18.30 og onsdag 15. feb kl 09.00-16.00.

STAD: Thon Hotel, Fosnavåg.

PRIS: kr. 1900,-.

Målgruppe: Passar for deg som vil leve av prosjektet ditt, anten du er i oppstartfasen eller har drive for deg sjølv og ønsker meir lønsemd.

Korleis skapar du ei levedyktig bedrift?

Målet er at du skal lære korleis du kan finne ein marknad for produkta dine, og korleis du skal jobbe i kvardagen for å skape ei solid og lønsam bedrift.

Du får arbeide med å utvikle forretningsidéen og forretningsmodellen din, og lære om korleis du kan involvere kundane i arbeidet med å forbetre produkta dine. Du får også arbeide med korleis du kan styre mål og oppgåver i prosjektet ditt.

Du vil lære deg å bruke eit nettbasert verktøy som er utvikla for bransjen. Verktøyet lar deg styre økonomien din, og hjelper deg å fokusere på kontinuerleg forbetring i gjennomføringa av prosjektet. Du vil også utarbeide ei enkel oversikt over prosjektet ditt som kan brukast som grunnlag for presentasjonar og kommunikasjon med samarbeidspartnarar og støttespelarar, for eksempel hoppid.no. Du kan bruke verktøyet kostnadsfritt også etter kurset.

Kurshaldar Erlend Bang Abelsen er sjølv gründer og har lang erfaring med å utvikle lønsame verksemder. Han er medforfattar av bøkene ‘Vekstbedriften’ og ‘Lean Business Planning’, og har utvikla metodeverk for forretningsutvikling og entreprenørskap for små og mellomstore bedrifter. Han har gjennomført workshops og kurs for mange hundre bedrifter, blant anna som ansvarleg for ei rekke av hoppid.no sine bedriftskurs.

MRmat 2017

Kurset er ein del av MRmat 2017. Er du matgründer eller ønskjer å tilby meir lokalmat i serveringsbedrifta di? Då kan MRmat i Fosnavåg 14.-15. februar vere noko for deg. Arrangementet MRmat tilbyr spissa kurs for matgründerar og vekstbedrifter innan mat og reiseliv. Blant kursleiarane i år er profilerte kokkar som Mikael Forselius og Bodil Nordjore. Arrangørar av MRmat er Matnavet på Mære, fylkesmannen, Innovasjon Norge, hoppid.no og fylkeskommunen. 

Klikk her for påmelding Bygg bedrift.

Klikk her for å lese meir om MRmat 14.-15. februar.

Klikk her for å melde deg på MRmat - fagdager lokalmat.