Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 8. mars 10:00 - Onsdag 8. mars 16:00

Ørsta vidaregåande skule

Forretningsutvikling

Kurset gir deg kunnskap og verkty som du kan bruke for å bygge ei lønsam bedrift i tråd med moderne ‘lean’ entreprenørskapsteori: utvikle forretninga  trinn for trinn i samspel med kunden. Teste ut løysingar på kundane undervegs, lære av tilbakemeldingar, tilpasse forretningsideen og teste på nytt.

Kven passar det for?

Kurset er for deg som leier eller driv ei bedrift, og som har ambisjon om å skape vekst. Programmet passar like godt for nystarta som for etablerte bedrifter.

Kva lærer du på kurset?

Denne dagen startar du å utarbeide din eigen forretningsplan basert på lean prinsipp. Du lærer korleis du kan teste ideane dine på kundane og korleis du kan arbeide med planen og vidareutvikle bedrifta di dag for dag. 

Hovudtema er:

  • Introduksjon til lean forretningsutvikling – kontinuerleg læring og utvikling
  • Ressursar – grunnlaget for kva som skal gjere deg unik
  • Forretningsidé – lag og test forretningsideane dine
  • Forretningsmodellen – korleis marknadsføre, selje og ta betalt?
  • Målsettingar – korleis overføre forretningsmodellen din til kvardagen?
  • Oppgåver - som trener deg til å måla dine
  • Økonomi – oversikt på inntening, likviditet og finansieringsbehov.
  • Læring og forbetring - når må du justere mål, forretningsmodell eller idé? 

Kva metode nyttar vi?

Kurset nyttar ein lean forretningsutviklingsmetode som heiter ”Lean Business”. Den baserer seg på at du utviklar ein strategi, forretningsidé og forretnings-modell, og at du deretter set deg mål og definerer aktivitetar for gjennomføringa. På denne måten kan du skape ei økonomisk oversikt som gjer det lettare å styre og kontinuerlig forbetre prosjektet ditt.

Deltakarane får boka Lean Business Planning og tilgang til eit gratis online verkty.

Kursansvarleg: Lean Business.

Stad: Ørsta vidaregåande skule

Tid: kl. 10.00 - 16.00.

Kursavgift: kr. 300,-

Kontakt: 

Odd Magne Vinjevoll, Ørsta Næringskontor,Ivar Aasengate 18, 6150 Ørsta 

Tlf: 70 06 80 85 /906 15 145 

e-post: omv@orsta-nk.no