Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 11. mai 10:00 - Torsdag 11. mai 15:00

Molde Fjordstuer, Molde.

Korleis skape interesse og matglede hos barn og unge? Felles rekrutteringsløft til restaurant- og matfag

Nettverket i restaurant- og matfag inviterar til inspirasjonssamling med tema samarbeid og rekruttering til restaurant- og matfag. For første gong i historia viser søkertalla under 100 søkjarar til læreplass i restaurant- og matfag i fylket. Det er kritisk!

  • Korleis formidle kunnskap og inspirere til interesse og matglede hos barn og unge?
  • Korleis få fleire til å søke seg inn på restaurant- og matfag på vidaregåande skolar?
  • Korleis få fleire ut i lære – og bli verande i faget?  

Klippfiskakademiet kjem og vil dele sine erfaringar med sitt informasjons- og haldningsarbeid med regionen sine råvarer med produksjon frå sjø og land. Dei vil mellom anna presentere «Kokkekamp» som metode for samarbeid og rekruttering.

Regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vil presentere sitt arbeid med fokus på mat- og reiselivssatsinga i fylket.  

Fylkesmannen legg fram si satsing om lokalmat og landbruksbasert reiseliv.

Opplæringskontoret for Hotell-, restaurant- og matfag, saman med næringslivet, vil formidle sitt arbeid med rekruttering. Vi får høyre historer frå lærlingar om interesse og motivasjon for deira sitt yrkesval.

Påmeldingsfrist: 5. mai

Påmelding er bindende. På grunn av bestilling av konferansepakke, vil arbeidstedet bli fakturert med kr 415.- ved avmelding etter 5. mai.

Program finn du her!

Kontaktpersonar

Nina Skovly Nina Skovly
Rådgivar
71 28 03 84 /
Mob. 920 80 322
Send e-post

Dokument

Program for 11. mai 2017
PDF-dokument - 71,14 kB