Torsdag 23. september 18:00 - Torsdag 23. september 21:00
Innføring i forretningsplan -23.09.2011
Mål: Ferdig utfylt forretingsplan
Innhald: Ein forretningsplan skal m.a. gi svar på kva du skal selje/produsere,korleis, kven er dine kundar og konkurrentar, kva for behov skal den dekke m.m. Forretningsplanen er eit viktig verktøy både for deg som gründer og for potensielle samarbeidspartar, investorar, leverandørar med fleire.
Kurset vil gi råd og veiledning i utvikling av forretningsplanen for di bedrift. Det er lagt opp til ei felles samling, gjerne på kveldstid, med gjennomgang av dei ulike tema i ein forretningsplan. Deretter ein periode der deltakaren arbeider vidare med forretningsplanen, for så å møtest igjen for innspel og sluttføring.
Fagleg ansvar: Triangel, Roald Fiksdal
Lengde: 18.00 til 21.00, 2 kveldar
Dato: 23.sept og 13.oktober
Kursavgift: Gratis
Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar
Påmeldingsfrist: 10.september
Stad: Grand Hotell Åndalsnes, Rauma
Påmeding: Innan 10. sept.