Fredag 24. september 12:00 - Lørdag 25. september 15:30
Konferanse om bygdemobilisering
Ønskjer du å vere med på å skape utvikling på bygdene? Jobbar du med lokalt tiltaksarbeid eller bygdemobilisering? Eller er du aktiv frivillig som brukar tid på å skape trivsel og gode lokalsamfunn? Då er du velkomen til konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24.-25. september.
Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som arrangerer konferansen i tett samarbeid med hoppid.no. Første dagen er nettverkssamling for bygdemobiliseringsprosjekt som har fått støtte frå småsamfunnsatsinga i hoppid.no, medan dag to er ein open konferanse for alle. På programmet står tema som tilrettelegging for friluftsliv, omdømmearbeid, og verknaden av kultur som samfunnsbyggar. Her blir det mange gode døme å ta med seg heim!
Påmelding innan 10. september på Fylkesmannen i Møre og Romsdal si nettside: www.fmmr.no (klikk vidare på ”kurs og konferansar” i øvre marg).
Sjekk ut vedlagte program!
Ved spørsmål kontakt:
Synnøve Valle
Telefon 71 25 81 58/91 18 38 66
E-post: synnove.valle@fmmr.no