Tirsdag 9. november 10:30 - Onsdag 10. november 13:00
Nasjonal erfaringskonferanse entreprenørskap - hoppid.no
For å oppsummere erfaringane frå hoppid.no-programmet, inviterer vi alle med interesse for næringsutvikling og nyskaping til nasjonal erfaringskonferanse i Kristiansund, 9.-10.november 2010.
Her vil vi presentere våre erfaringar gjennom prosjektperioden, både frå programleiinga, partnarskapet og ikkje minst frå etableraren. Vi vil få lagt fram ei rykande fersk evaluering av hoppid.no, gjennomført av Oxford Research. Vi skal og løfte blikket, og få innspel på korleis vi framover kan skape ei enno betre heilskapleg satsing på entreprenørskap.
Under konferansen vil dei ulike delprosjekta i hoppid.no vere representert på eigen stand, der ein kan få nærare kjennskap til metodikk, erfaringar og resultat.
Heile programmet for konferansen finn du her
Stad: Thon Hotel, Kristiansund
Dato: Tirsdag 09. og onsdag 10. november
Konferanseavgift: kr. 1500,-
Overnatting: Enkeltrom kr. 1000,- / dobbeltrom kr. 600,-
Påmeldingsfrist: 05.november