Onsdag 1. september 09:30 - Onsdag 1. september 15:30
Nettverkssamling for hoppid.no - Molde 01. september 2010
Vi inviterer nettverket i hoppid.no til samling i Molde onsdag 01. september 2010.
Programmet er allsidig denne gongen. Arild Hoksnes opnar med å ta for seg korleis vi møter etableraren. Skal vi vere rådgjevar, coach eller kanskje begge deler? I tillegg skal vi mellom anna høyre om Inn på tunet-tenester, om SIVA sine tilbod i fylket, og om den nye satsinga på lokal samfunnsutvikling i kommunane - LUK. Vi held til på Quality Hotel Alexandra, og samlinga er gratis. Meld deg på innan 15. august!
Tjuvstart på samlinga for ferske hoppid-kontakter!
Dei hoppid-kontaktene som ikkje har gjennomført sertifiseringskurs tidlegare vil få gjere det i haust. Vi startar med ei kort introduksjonsamling dagen før nettverkssamlinga, altså tysdag 31. august. Då blir det informasjon om historikk, mål for hoppid.no, organisering, virkemiddel frå Innovasjon Norge, EtablererLINK og mykje meir. Bli med og bli oppdatert! Meir info og eigen påmelding for heile sertifiseringskurset kjem seinare.
Den elektroniske påmeldinga er no stengt.
For påmelding etter fristen, send ein epost til: Eivind Vartdal Ryste
Vedlegg:
Invitasjon til nettverkssamling 01. september og invitasjon til introduksjonssamling 31. august