Mandag 13. september 10:00 - Mandag 13. september 17:00
”Skal - skal ikke” – avklaringskurs
Går du med tankar om å starte eiga bedrift, men føler at det er ei vanskeleg avgersle å ta?
Vil du vite kva som blir kravd (personlig og formelt) for å starte ei bedrift, korleis du skal gå fram og kven som kan hjelpe deg i etableringsprosessen? Då kan dette kurset vere noko for deg!
”Skal-skal ikke” er eit avklaringskurs der målgruppa er dei som har ein forretningsidé, og ønskjer meir informasjon og hjelp til å gjere rette vurderingar og val i samband med etablering av bedrift. Målet med kurset er at du skal få tilstrekkleg informasjon til å kunne ta stilling til om etablering av eiga bedrift er eit aktuelt alternativ for deg eller ikkje.
Meir omtale om innhald i kurset, finn du her.
Fagleg ansvar: SintefMRB AS og Triangel AS
Lengde: Ein dag frå ca kl 10:00 til ca kl 17:00
Kursavgift: Gratis
Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar.
Påmeldingsfrist: 09.september.
Dei enkelte kursa vert gjennomført under føresetnad av at det er minst 15 påmeldte.
Stad og tidspunkt: Angvik Gamle Handelssted, Gjemnes.