Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vinter, barfrost og is på Kilstivatnet. Her frå båtstøa

Blåhornet

Fotograf: Merete Løvoll Rønneberg

Oppleving; kvifor gå denne turen?

Turen til Blåhornet i Eidsdal er eit lett topptur som gjev ei makelaus utsikt utan alt for mykje slit. Det er godt merka rås (sti) heile vegen, og turen høver godt både for små born og for eldre.
Mange vel å gå dette som ein rundtur via Kilstisætra på veg opp eller ned. Råsa går like framom båtstøa ved Kilstivatnet. Her er ein enkel bålplass og steinbord og benkar. På fine sommardagar er det ein populær badeplass for småbarnsfamiliar.
Store delar av denne turen går òg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, det einaste område i Noreg som står på Unescos prestisjetunge verdsarvliste med grunnlag i naturarven.

Turruta; kvar i terrenget går turen?

Turen startar på Gjerdeneset, ein parkeringsplass like før gardane på Kilsti. På P-plassen er det informasjonstavle med oversyn over turar i område, kva vanskegrad dei har, samt noko informasjon om området. Turråsa er godt skilta her i frå. Råsa går fyrst oppover eit myrdrag. Bratt stigning eit par hundre meter før du følgjer høgda til ei bru over elva. Her kryssar du over og går opp til Kilstivatnet. Du går over ein liten kolle og kjem til båtstøa. Vidare knapt 200 meter før råsa deler seg og du svingar mot høgre (nord) over eit myrparti som tidvis kan vere vått og gjørmete. Du kjem inn på ein gammal kjerreveg og følgjer denne oppover mot toppen av Blåhornet. Vegen går over til rås på ei litt større, flat myr. Mellom to små kollar er det skilta til venstre (nordvest) mot toppen av Blåhornet. Det siste stykket er noko brattare før du når toppen.
Vil du ha ein rundtur, kan du følgje merkt rås nedatt til Kilstisetra og langs Kilstivatnet attende til båtstøa og Gjerdeneset.

Kulturminne

Naust ved Kilstivatnet
Gamle sel på Kilstisetra

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du mot Geiranger. Etter kring 6 km tek du av mot Rønneberg og Kilsti. Kring 5 km å køyre langs kommunevegen før du kjem til P-plassen på Gjerdeneset. Her er godt utsyn nedatt mot Norddalsfjorden og sentrum i Eidsdal. Startpunkt for alle turar i Kilstimarkene.
NB: Om du er dårleg til beins, eller har barnevogn, kan du gå opp til Kilstivatnet via grusvegen som går gjennom det fyrste gardstunet på Kilsti. For å skjerme grunneigarane for mest mogleg trafikk gjennom tunet, ber vi om at dei som kan, nyttar merkt rås frå Gjerdeneset.

Rute på kart

Kvar kan du parkere?

Gjerdeneset. Inga avgift

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0.5
God sti 3
Myr 0,5
Lengde tur/retur (km) 4 km
Total lengde rundtur (km) 4 km
Stigning meter grader
Total stigning 141 Høydemeter

Offentlig transport

Lite av offentleg transport. Skulebuss i skuleåret.

Mobildekning

Ja

Kart

Turkart Norddal kommune, Turkart Stranda kommune, Turkart Tafjordfjella

Om turen

Område

Sunnmøre

Kommune

Norddal

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4 km

Total lengde rundtur (km)

4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsyn frå toppen av Blåhornet ned mot Flåna og ut fjorden mot Stranda Fotograf: Merete Løvoll Rønneberg
Utsyn frå toppen inn fjorden mot Valldal og starten på Tafjorden Fotograf: Merete Løvoll Rønneberg
Utsyn frå Blåhornet ned mot Kilstisetra Fotograf: Merete Løvoll Rønneberg