Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Blæjeegga – luftig tur langs egg og rygg – Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja – Blæja – Myrkevasstinden - Kvanndalen

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

22

Lengde en vei (km)

11

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Oversiktsbilete som viser terrenget frå Lisjeblæja i retning Blæja.
Eitt av dei mange luftige partia på ruta.
Røff og mektig natur på Blæjeegga.
Felestur til Blæja i regi av Syvde idrettslag. Delar av Blæjeegga mot Lisjeblæja viser bak personane til høgre i biletet.

Blæjeegga – luftig tur langs egg og rygg – Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja – Blæja – Myrkevasstinden - Kvanndalen

Fotograf: John Willy Klungre

Kvifor gå denne turen?

Denne ruta går gjennom det mektigaste fjellområdet i Vanylven, og kan på mange måtar karakteriserast som den lokale utgåva av Besseggen. Store delar av turen går på rygg og egg, og med flott utsikt over alt frå havet i vest til Sunnmørsalpane i aust. Heile ruta er merka, og det er skilta ved start i begge endane. Området ruta går gjennom er alpint med djupe og smale dalar, smale egger og bratte fjellsider. Frå platået på toppen av Blæja 1142 m.o.h. går det bratt ned på alle sider med unntak av mot sør. Ruta går på 2 av 4 parti med rygg og egg som går ut i stjerneform frå Blæja. Mellom Lisjeblæja og Blæja er det jamt over egg, medan det er meir rygg når ein går frå toppen og austover mot Myrkevasstinden.

Kvar i terrenget går turen?

Delar av ruta frå Lisjerøfsdalen til Kvanndalen følgjer same trase som andre ruter. For meir info om Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Lisjeblaeja-1032-m.o.h.-Rute-52 og frå Kvanndalen til Myrkevasstinden sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Myrkevasstinden-rute-49-C-fraa-Kvanndalen-til-Myrkevasstinden

Det mest krevjande terrenget på ruta er oppstigninga til og nedstigninga frå Blæja. I dette området er det bratte parti med noko klyving. For dei som ynskjer ei slakare og lettare rute frå toppen av Blæja til Blæjeskaret kan ein gå den ruta som er markert i turkartet På tur i Vanylven. Ruta frå turkartet er slakare og lettare å gå, men vanlegvis ligg det snø ei god stund utover sommaren i det området der ruta frå turkartet går.

Den lettaste og tryggaste ruta opp til Blæja er frå Dansen seter i Dalsfjorden i Volda kommune. Det går ein svært bratt bilveg frå Åmelfoten i Steinsvika opp til Dansen seter. For meir info om denne ruta sjå Fotturar på Sunnmøre, Iriss forlag, 4. utgåve side 127. http://iriss.no/web/PageND.aspx?id=12

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ein kan starte enten frå Lisjerøfsdalen eller Kvanndalen. Delar av ruta følgjer same trase som andre ruter. For meir info om Lisjerøfsdalen – Lisjeblæja sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Lisjeblaeja-1032-m.o.h.-Rute-52 og frå Kvanndalen til Myrkevasstinden sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turer/Myrkevasstinden-rute-49-C-fraa-Kvanndalen-til-Myrkevasstinden

Kvar kan du parkere?

Det går greitt å parkere ved enden av vegen både i Lisjerøfsdalen og Kvanndalen. Vegen til Lisjerøfsdalen er boveg med kr 30,- i bompengar.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 6
Dårlig sti 10
Natur 6
Lengde tur/retur (km) 22
Lengde en vei (km) 11
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 40
Bratteste helning ned 200 40
Total stigning 1150 Høydemeter

Mobildekning

Oppe i høgda er det god mobildekning, medan det ikkje er dekning i Lisjerøfsdalen og Kvanndalen.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven