Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Søre Sunnmøre

Kommune

Volda
Ørsta

Type tur

Skitur

Gradering

XXXX Svart

Lengde en vei (km)

6,2

Total lengde rundtur (km)

13

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Gjura/Gjugra, utsikt mot nordvest, Sunndalsnipa og Eidskyrkja til venstre, Voldsfjorden midt i bildet.
Gjura/Gjugra, utsikt mot sør, Høgenibba og fjellryggen turen går på midt i bildet, Guridalen ned til venstre på lavaste punktet på ryggen.
Utsikt frå Høgenibba, vi ser Gjura/Gjugra midt i bildet.
Utsikt frå nordenden av Høgenibba, vi ser Kalvassvatnet og Austefjorden midt i bildet, Sunndalsnipa til venstre.
Guridalen, Gjura/Gjugra oppe til høgre over Skipedalen.
Gjura/Gjugra, utsikt mot nordaust, Storhornet over skituppane, Jakta midt i bildet.

Gjura/Gjugra

Kvifor gå denne turen?

Gjura/Gjugra er grensefjell mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal, er også grensefjell mellom Møre og Romsdal fylke og Sogn og Fjordane fylke. Flott utsikt mot toppane rundt Hjørundfjorden, Austefjorden og Hornindalen. Dette er ein fin rundtur der heile turen går i Hornindal kommune, turen går først på Høgenibba, så bort på Gjura/Gjugra og ned Guridalen. Rundturen med startpunkt på Hornindal skisenter er med rette løypevalget mogleg å gjennomføre med ei stigning under 30 grader både opp mot Høgenibba og ned Guridalen. GPS fila går over eit ca 50m langt område opp mot Høgenibba på ca 30 grader. Rundturen er på 13 km og 1000 hm frå nedre heisstasjon. Dersom du bruker heisa vert rundturen 11,5 km og 650 hm.

Kvar i terrenget går turen?

Start på Hornindal skisenter, ekte sunnmøringar går opp ved sida av heistraseen, andre tek heisa opp. (1,5 km og 350 hm å spare) Ved øvre heisstasjon går du på venstre sida av ein haug som ligg bak heisstasjonen, kryssar så over Dammane og siktar deg inn på sørsida av Høgenibba, det kan vere ein fordel å gå opp litt meir på sør enn det GPS fila viser, men sjå etter andre spor, det er ofte ein fordel å følge spor som er der frå før. Når du er komen opp på Høgenibba går du ryggen nordover til Gjura/Gjugra. (2,5 km mellom Høgenibba og Gjura/Gjugra) Frå Gjura/Gjugra går du tilbake mot Høgenibba, på lavaste punktet mellom Gjura/Gjugra og Høgenibba tek du til venstre ned Guridalen. (OBS. Når du kjem ned der Guridalen flatar ut, ca kote 660, er der ei betongdemning som kan vere litt vanskeleg å få auge på.) Følg Guridalen vidare nedover, når du kjem ned på sætrane er der vanlegvis preparert løype inn til skisenteret ca 1,5 km.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr E39 frå Volda mot Stryn, når du er komen gjennom Kvivstunnelen tek du av til venstre på fv 60 mot Stranda og køyrer ca 1,4 km og tek av til venstre og deretter til høgre etter 20 m skilta mot skisenter og køyrer 3 km.

Kvar kan du parkere?

Stor parkeringsplass ved skisenteret. Parkeringsavgift. (50 kr 2017) http://www.hornindalski.no

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Preparerte løyper 3
Ikke preparerte løyper 10
Lengde en vei (km) 6,2
Total lengde rundtur (km) 13
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 50 30
Bratteste helning ned 50 30
Total stigning 1000 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Rasfare frå sida ovanpå Dammane og sida opp mot Høgenibba der det er helling over 30 grader, rasfare også frå begge sider i Guridalen.

Kart

M 711 1219 III