Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Langevatnet

Oppleving; kvifor gå denne turen?

Dette er ein tur i forholdsvis lett terreng og på god sti. Ruta fyl grensa mellom Stranda og Sykkylven omtrent heile vegen. Det er start på omlag 550 m.o.h, så ein kjem raskt opp i høgda og får flott utsikt

Turruta; kvar i terrenget går turen?

Start på parkeringsplassen ved Svartevatnet. Kryss vegen i austenden av parkeringsplassen og gå på utsida av autovernet eit kort stykke. Du kjem straks inn på stien. Det er god sti og god merking med vardar, og ruta har også skilting. Like før du kjem opp til Langevatnet kryssar du ei elv (N62° 17.866' E6° 47.091'). Her deler stien seg. Stien som går til venstre går til Myrdalsfjellet. Du skal følge stien rett fram/lett til høgre over elva og opp til Langevatnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Start ved parkeringsplassen ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven.
Kjem du frå Sykkylven ser du ein bra stor parkeringsplassen når du er ferdig med bakkane, like før ein skarp sving. Kjem du frå Stranda køyrer du 4 km forbi Strandafjellet skisenter, og du finn parkeringsplassen like etter ein skarp sving.

Rute på kart

Kvar endar turen?

Frå Langevatnet kan du gå vidare til Kleivdalsfjellet og Roaldshornet, eller returnere ned til parkeringsplassen.

Kvar kan du parkere?

Ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven er det god plass å parkere.

Underlag Lengde i km
God sti 2 km
Lengde tur/retur (km) 4 km
Lengde en vei (km) 2 km
Stigning meter grader
Total stigning ca. 320 h.m Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Stranda og Sykkylven.

Om turen

Område

Sunnmøre

Kommune

Stranda

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4 km

Lengde en vei (km)

2 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse