Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Idyllisk tjønn med utsikt mot Fløtatind. Foto: Bjørn M. Øverås
Her ved denne myra tar du av ned til høgre og til seterstølen. Foto: Bjørn M. Øverås
Berre restar etter murane står igjen etter seterstølen Meringdalsetra. Foto: Bjørn M. Øverås
Frå Lomhaugen, rett over Meringdalsetra, med utsikt over Eresfjord. Foto: Bjørn M. Øverås

Lomshaugen

Kvifor gå denne turen?

Eresfjord.
Idyllisk tur med god sti, først i lauvskog og deretter gjennom furuskog. Over skoggrensa går stien nokre få plassar over myrområder som kan vere blaute.
Enkel og relativ kort tur.

Kvar i terrenget går turen?

Etter parkering ved campingplassen i Meringdal, går du over brua og tar svakt oppover forbi campingvognene og marka til høgre. I enden, først ein skarp sving til høgre og deretter til venstre opp til ny innmark. No er du snart  inne på stien. Denne følgjer du nokre hundre meter oppover til du ser ei pil peike inn til venstre. Følg denne rett inn til venstre og opp.
 Først bratte bakkar langs ein skogsrygg. Deretter i slakkare terreng i den åpne furuskogen.  Her kan du også sjå noen typiske hjortebad i myra.
 Over skoggrensa åpner det seg ei storslått utsikt over Eresfjord. Og i andre retninga mot Eikesdal.
 Restane etter Meringdalsetra ligg i eit lite dalsøkk ned til høgre rett før siste stigninga opp til Lomshaugen. Ta gjerne ein avstikkar ned dit også. Men turtrimboka ligger på Lomshaugen, 600 moh.

Radiomasta der oppe er restar etter tida då Radio Nesset eksisterte. Den vil bli fjerna. Uansett; storslått utsikt !

Kulturminne

Meringdalsetra var ein seterstøl. Men berre restar av murane står igjen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå fylkesvegen ved brua i Osen i Eresfjord (nordenden av Eikesdalsvatnet) og følg grusvegen så langt den går inn til Meringdal. Parker før brua over elva til campingplassen.

Kvar endar turen?

Som alternativ til tur ned igjen, kan du gå ned langs elva. Ingen sti og innimellom litt ulendt. Men spennande og flott.

Kvar kan du parkere?

Vis omsyn der du parkerer ved campingplassen i Meringdal. Snakk gjerne med vertsfolket.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,6
Stigning meter grader
Total stigning 570 Høydemeter

Kart

M711 1320 II Eresfjord