Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Stormyrhytta Haramsøya

Stormyrhytta Haramsøya

Fotograf: Håkon Akselsen

Oppleving; kvifor gå denne turen?

Denne turen går til Stormyrhytta, som i utgangspunktet er ei grillhytte. Blir brukt til overnatting, sosialt samver, grilling, vaffel steiking, speling. Der er også innstallert ein vedovn. Førstehjelpsutstyr innanfor døra. Uteområdet har mange benkar og stor platting. På sommerhalvåret er det muligheit for kanopadling. Det er muligheit for å gå på skeiser. Fleire aktivitetar kjem til etterkvart. Turen opp til hytta går gjennom skog og har fleire utsiktspunkt. Her er fleire valg for turen opp til hytta, bl. anna via Varden. Her er også eit rikt fugleliv.

Turruta; kvar i terrenget går turen?

Turen startar på Austnes frå bygge feltet, og går gjennom furu og granskog. Her er fleire valg for turen opp til Stormyrhytta. Vi anbefaler å gå veien opp til varden, og så videre rett fram mot røhammeren, som går langs kanten av fjellet mot Myskja. Du finn ein benk ved eit utsiktspunkt, du fortset forbi denne og etter ei stund kommer du til eit veidele, du skal her gå til høgre og då kjem du til Stormyra. Når du kjem opp på demninga då ser du Stormyrhytta. Følg skilt merka Stormyrhytta. (Kommer opp våren 2017.)

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta ferga frå Skjeltene til Haramsøya.Gå/kjøyr opp til startplass i byggefeltet, ta til høgre, så med ein gong til venstre opp jonasveien forbi helsehuset. Rett fram i krysset og opp til der veien flater ut. Sjå etter eit turskilt på venstre side rett etter hus nr. 106 i jonasvegen.

Rute på kart

Kvar endar turen?

Turen går til Stormyrhytta, du kan ta same vegen tilbake til startsted, eller utforske andre råser på fjellet.

Kvar kan du parkere?

På Skjeltene, bil er ikkje nødvendig på Haramsøya. Ingen parkeringsavgift på Skjeltene.

Underlag Lengde i km
God sti 3
Natur 3
Myr 0,3
Røtter / steiner 0,2
Sleipt underlag 0,2
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5
Total lengde rundtur (km) 3

Offentlig transport

Hurtigbåt frå Ålesund, Hamnsund, Storekalvøy, Lepsøy, Fjørtofta og Harøya. Buss til Skjeltene frå Brattvåg og Moa.

Mobildekning

God dekning

Kart

Turkart Ålesund 1:50000

Om turen

Område

Sunnmøre

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3

Lengde en vei (km)

1,5

Total lengde rundtur (km)

3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

 Fotograf: Håkon Akselsen
 Fotograf: Håkon Akselsen
Ta råsa til høgre Fotograf: Håkon Akselsen