Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Varghaugen/Kvithammaren

Om turen

Gradering

Område

Eresfjord/Eikesdalen

Kommune

Nesset

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

2,2

Lengde en vei (km)

1,1

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fint lite tjern under toppen. Flott utsikt mot Skjorta, Goksøyra og  Fløtatind
Tidlig på sommeren kan det fortsatt ligge snø i deler av ruta.
Utsikt fra toppen inn Horndalen. Kalvgjeltind (t.h.) og Melkallen.
Utsikt  fra toppen mot Skjorta.

Varghaugen/Kvithammaren

Fotograf: Bjørn M. Øverås

Kvifor gå denne turen?

Ein enkel og kort tur med berre svak stigning, men fenomenal utsikt. Bak deg har du utsikt til Eresfjord og majestetiske Skjorta. Sørover ser du innover Håndedalen mot Melkallen. Og Vestover mot Kalvgjeldtind og Kjøvhaugen.Nordvestover frå Vargehaugen ser du Vistdalen.Frå Eresfjordsida er denne staden kalla Vargehaugen. Mens frå Vistdalssida Kvithammaren. Dette namnet fordi det er ein overhengande stor og lys berghammar som dominerer frå denne sida.

Kvar i terrenget går turen?

Vargehaugen / Kvithammaren , Vistdalsheia – 642 mohEtter parkering ved bekken Sulgrova, starter stien til venstre for bekken og går først gjennom ung granskog. Etter kort tid er du over i fritt terreng.Følg ryggformasjonar med lyng og fast fjell svakt opp til venstre forbi ei einsleg furu. Deretter videre oppover mot ein godt synleg stor rullestein. Når du er forbi denne er du snart på toppen. Her er det berre å nyte utsikta !Gå også litt lenger framover så vil du kunne sjå nedover Vistdalen.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Kjør RV 660 til Eresfjord og ta av i retning Åndalsnes. Kjør oppover og forbi parkeringsplassen til Husbysetra. Du kan parkere ved fylkesveien der stien starter ved bekken Sulgrova. ( Skilt med dette namnet )
Men det er ikkje plass til meir enn ca 3 bilar. Drøye hundre meter lenger opp er det plass til 2-3 bilar til.
Er det fullt på begge plassar må du ned att til parkerinsplassen for Husbysetra.

Kvar kan du parkere?

Sjå lenger opp.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Dårlig sti 1
Myr 0,1
Lengde tur/retur (km) 2,2
Lengde en vei (km) 1,1
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 18
Total stigning 228 Høydemeter

Kart

M711 1320 II Eresfjord