Lomshaugen
Turbeskrivelse - opplevelse
Eresfjord.
Idyllisk tur med god sti, først i lauvskog og deretter gjennom furuskog. Over skoggrensa går stien nokre få plassar over myrområder som kan vere blaute.
Enkel og relativ kort tur.
Kulturminner
Meringdalsetra var ein seterstøl. Men berre restar av murane står igjen.
Tilgjengelig for rullestol
Nei
Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski
Etter parkering ved campingplassen i Meringdal, går du over brua og tar svakt oppover forbi campingvognene og marka til høgre. I enden, først ein skarp sving til høgre og deretter til venstre opp til ny innmark. No er du inne på stien. Etter nokre hundre meter følgjer du pila og stien rett inn til venstre og opp.
Først bratte bakkar langs ein skogsrygg. Deretter i slakkare terreng i den åpne furuskogen.
Over skoggrensa åpner det seg ei storslått utsikt over Eresfjord. Og i andre retninga mot Eikesdal.
På vei opp kan du ta ein stopp på Meringdalsetra og skrive deg inn i trimturboka. Denne ligg i dei attgrodde murane etter den gamle Meringdalsetra, ein liten avstikkar frå ryggen der stien går.
Gå vidare opp til den tidlegare radiomasta på Lomshaugen (600 moh). Storslått utsikt.
Startsted
Ta av frå fylkesvegen ved brua i Osen i Eresfjord (nordenden av Eikesdalsvatnet) og følg grusvegen så langt den går inn til Meringdal. Parker før brua over elva til campingplassen.
Rute på kart
Sluttsted / turmål
Som alternativ til tur ned igjen, kan du gå ned langs elva. Ingen sti og innimellom litt ulendt. Men spennande og flott.
Parkering start
Vis omsyn der du parkerer ved campingplassen i Meringdal. Snakk gjerne med vertsfolket.
| Underlag | Lengde i km |
|---|---|
| Total lengde | 5,6 |
| Stigning | meter | grader |
|---|---|---|
| Total stigning | 570 | Høydemeter |
Kart
M711 1320 II Eresfjord
Om turen
Område
Eresfjord/Eikesdalen
Kommune
Nesset
Type tur
Fottur
Gradering
XX Blå
Lengde tur (km)
5,6
Skriv ut



