Naustesetra
Turbeskrivelse - opplevelse
Eresfjord. Tur opp skogslia frå Nauste til den gamle seterstølen, Naustesetra. Fjelltrimkassa er montert på ei stor tolle ca 150 meter før du kjem til stølen.
Turbeskrivelse - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski
Turen går i skog med berg og sva. Etter regn kan det vere ganske vått og sleipt spesielt på berga.
Gå gjerne 150 meter lenger enn Fjelltrimkassa, så kjem du til stølsområdet for Naustesetra. I dag er det berre ei hytte på stølen som står att.
Startsted
Kjør fylkessvegen ned mot Nauste. Parker ved den gamle saga i Naustegarden. Følg traktorveg rett opp til Svabekken og ta til venstre forbi gapahuken og badestampen. Etter eit par hundre meter kjem du til ei hytte (den gamale badstua på Nauste). Her tar du stien rett opp til høgre og følgjer den.
Rute på kart
Sluttsted / turmål
Frå Naustesetra er det fin tur vidare opp på fjellet utover mot Vasssetra. Ja, du kan også fortsette å gå heilt ut til Sølottsetra.
| Underlag | Lengde i km |
|---|---|
| Traktorveg | 0,5 |
| God sti | 2,0 |
| Total lengde | 2,5 |
| Stigning | meter | grader |
|---|---|---|
| Bratteste helning opp | 14 | 10 |
| Bratteste helning ned | 14 | 10 |
| Total stigning | 320 | Høydemeter |
Kart
M711, 1320 II Eresfjord
Om turen
Område
Eresfjord/Eikesdalen
Kommune
Nesset
Type tur
Fottur
Gradering
XX Blå
Lengde tur (km)
2,5
Skriv ut


