Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

På fredag mottok Smøla prisen Årets ungdomskommune

Under ungdommens fylkesting, den 9. november, vart Smøla kåra til årets ungdomskommune. I 2016 har Smøla utmerka seg sterkt ved å legge til rette for medverknad for ungdom og gjort ein ekstraordinær innsats for å betre ungdom sine levekår i kommunen. Ungdomsrådet får 10 000 kr som skal nyttast til prosjekt og tiltak for å betre kvardagen til ungdom på Smøla.

Les meir

Møte i fylkesutvalet 30. januar

Møte i fylkesutvalet har no starta opp, og innspel til Strategikonferansen 2017 - frå Møre og Romsdal fylkeskommune er mellom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Omfanget av reguleringsplanar viser stor aktivitet i kommunane trass "oljenedturen"

Talet på reguleringsprosessar i kommunane fortel noko om den generelle byggeaktiviteten. Det er derfor ingen stor overrasking at reguleringsaktiviteten har gått ned ettersom oljenedturen starta.

Les meir

Hugs å søke tilskot til Fartøyvern 2017

Frist for å søke tilskot til verneverdige fartøy i 2017 er 31. januar

Les meir

Det 21. kulturtorget er i gang

Kulturtorget er den viktigaste møteplassen for nettverket som arbeider med kulturformidling til barn og unge i Møre og Romsdal.

Les meir

Møte i kontrollutvalet 25. januar

Moms kompensasjon, Handlingsplan for kontroll- og tilsynsarbeid, og rapportering om skolebesøk, er mellom sakene som utvalet skal behandle.

Les meir

Har du forslag til eit nytt utvalt kulturlandskap?

Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal har sidan 2009 hatt status som Møre og Romsdal sitt utvalde kulturlandskap. No ønsker regjeringa å utvide ordninga til å omfatte fleire geografiske område. 

Les meir

Styrkar samarbeid mellom skole og næring

Fagskolen i Kristiansund og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer biomarin næring til dialog og samarbeid om framtidig behov for kompetanse. Tysdag 24. januar blir det frukostmøte på fagskolen.

Les meir

Bokbåten Epos invitere barn og unge om bord

I januar legg Bokbåten Epos ut på tur nummer 102 i Møre og Romsdal. Totalt 71 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. – Vi har kulturprogram på dei fleste stoppa, som passar for barnehagebarn, litt større skolebarn og familiar, sier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Les meir

Kulturtorget 2017: Frå opera til jazz

Kulturtorget 2017 blir arrangert i Molde, tysdag 24. – torsdag 26. januar. Det blir tre innhaldsrike dagar med kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst. 

Les meir