1,2 millionar til utarbeiding av lokale kulturminneplanar i Møre og Romsdal
I samband med prosjektet Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga har Møre og Romsdal fylkeskommune mottatt 200.000,- kroner i tilskot frå Riksantikvaren. I tillegg fekk to kommunar 100.000,- i direkte tilskot i 2011, og åtte kommunar i 2012.
Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga tek sikte på å styrke kulturminnearbeidet i kommunane, hovudsakleg gjennom utarbeiding av lokale kulturminneplaner. Kommunane vil då få betre oversikter over eigen kulturminnebestand, og kunne trekkje ut særleg verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Ein kan ikkje ta vare på alt, men gjennom målretta arbeid kan ein sørgje for at eit representativt utval av kulturminna blir godt bevart for ettertida.
Møre og Romsdal er eitt av tre prioriterte fylker på landsbasis, mellom anna som følgje av at ein sidan 2009 har etablert ein nettstad – Kulturminneatlas – for registrering av lokale kulturminne. Det er med bakgrunn i denne satsinga at ti av kommunane i fylket har mottatt kr. 100.000,- i tilskot til registrering. Sande og Ørsta mottok midlar i 2011, medan Aure, Surnadal, Rauma, Norddal, Giske, Sula, Hareid og Herøy har fått tilsagn i år. Fleire kommunar planlegg å setje i gang. På landsbasis vil prosjektet halde fram til 2015, og det vil også verte muleg å søkje i midlar i komande år.
Fylkeskommunen vil nytte midlane til kurs, seminar og oppfølging av kommunane, samt å leggje til rette data og verkty for arbeidet. Allereie torsdag 24.mai vil det bli arrangert eit nettverkseminar i Molde. Temaet er verdivurdering. I tillegg til å auke kompetanse i kommunane, vil seminaret forhåpentlegvis bidra til å skape eit godt regionalt nettverk i kulturminneplanarbeidet.
Oppdatert: 18.05.12
