Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 1.inntak skoleåret 2012-2013

1.inntak skoleåret 2012-2013

Førsteinntaket er no klart og 10.122 søkjarar med ungdomsrett har fått tilbod om plass i denne omgongen. Klikk på teksten for å sjå vedlegg og meir info.

Alle spørsmål som gjeld eigen søknad om skoleplass, skal rettast til Inntaksseksjonen:

E-post: inntak@mrfylke.no eller telefonnummer 71 25 87 75 (10-13, mån-fre).

Av dei 10.122 søkjarane som fekk tilbod om plass i 1. inntak, er 9.558 tekne inn til dei vidaregåande skolane i fylket, medan 502 har fått tilbod om læreplass. Det er berre søkjarar med ungdomsrett i Møre og Romsdal som har fått tilbod i 1. inntaket. Fristen for å svare på 1. inntak er 16. juli.

304 av ungdomsrettssøkjarane står framleis utan tilbod, men erfaringsmessig vil fleire hundre av dei inntatte takke "nei" til plass, slik at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket blir kjørt ca 6. august.

Ved andreinntaket vil ein ta inn vaksne søkjarar til ledige plassar, samstundes som ein vil sørgje for at alle ungdomsrettssøkjarane får plass før skolestart. Formidlinga av lærlingar vil halde fram utover heile hausten.

Søkt 4. påbyggingsår? - svar i 2. inntak, ca 6. august

Søkjarar utan ungdomsrett vil få tilbod om skoleplass (eller ventelisteplass) etter 2. inntak. Dette gjeld også dei som har søkt det 4. påbyggingsåret: PBPBY4YK-- Påbygging etter yrkeskompetanse

Vi gjer merksam på at ut frå statistikken for 1. inntak (sjå til høgre på sida), ser det ut som det er ledige plassar på dette tilbodet. Dette skuldast at ingen med ungdomsrett kan få plass på dette tilbodet, og statistikken viser (primært) søkjarar med ungdomsrett.

Contacts

Jane Anita Aspen
Seksjonsleiar
71 25 80 13 / Mob. 91 37 11 12
Send e-mail
Sverre Hollen
Fylkesutdanningssjef
71 25 80 57 / Mob. 950 65 574
Send e-mail

Dokument