Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > 300 deltakarar er klare for Kulturtorg 2012

300 deltakarar er klare for Kulturtorg 2012

Program og brosjyre for Kulturtorg 2012 er no klart, og her kan du smugkikke! Brosjyra er no i trykken, og blir delt ut på Kulturtorget 25.-27.januar.

Absence Crew skal vise "Askeladden på nye eventyr" på årets Kulturtorg - norske folkeeventyr i hiphop-versjon!

Onsdag 25.januar til fredag 27.januar møtes over 300 deltakarar frå kommunane, barnehagane, grunnskulen og videregåande skule til årets viktigaste møtepunkt for Kultursekken i Møre og Romsdal. Klikk her for å lese meir om Kultursekken.

Til Kulturtorget sine deltakarar vil vi dele ut ei brosjyre som inneheld program for Kulturtorg 2012, samt omtale av alle aktuelle produksjonar for Kultursekken i skuleåret 2012/2013.

Vi er så heldige å ha eit flipbok-eksemplar, slik at alle kan bla i brosjyra digitalt. Klikk på bildet under for å opne brosjyra.

Utøverane gler seg, Formidlingsseksjonen på kulturavdelinga gler seg og Bjørnsonhuset står klar til å ta imot Kulturtorget 2012.

Ønskjer du å hente ut pdf-ar av programmet, eller lese meir om Kulturtorget 2012, så opnar du denne lenka.

Kontaktpersonar

Johild Kosberg Bredin
Seksjonsleiar formidling/ Koordinator Kultursekken
71 25 89 27 / Mob. 911 49 119
Send e-post