Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > - Det er viktig å starte tidleg

- Det er viktig å starte tidleg

I dag er 56 deltakarar samla på Molde Fjordstuer for å diskutere samarbeid og rekruttering til restaurant- og matfag.

Tema for dagen er: 

  • Korleis formidle kunnskap og inspirere til interesse og matglede hos barn- og unge?
  • Korleis få fleire til å søke seg inn på restaurant- og matfag på vidaregåande skolar?
  • Korleis få fleire ut i lære- og bli verande der?

Innleiarar er Nina Skovly frå utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal, Mette Scott-Dahl frå Klippfiskakademiet, Sissel Pilskog Brennholm frå Borgund vidaregåande skole, Ingebjørg Sporstøl frå Ellingsøy ungdomsskole, Geir Stenseth, daglig leiar og Jan Roger Blø, F&B manager ved Molde fjordstuer,  Lillian Sæther frå regional- og næringsavdelinga i fylkeskommunen og Aud Lindset Drågen hos Fylkesmannen.

- Det er viktig å begynne tidleg med rekrutteringa til faget vårt. Derfor startar vi allereie med arbeidet i fem-årsalderen i barnehagane. Vi veit nemleg at haldningar blir skapt tidleg, sa Mette Scott-Dahl frå Klippfiskakademiet.  Hor fortalte at dei også har fisk i akvarium, slik at borna får sjå kor fisken kjem i frå. 

Bilde frå foredrag på fagnettverksamling for restaurant og matfag
Bilde frå foredrag på samling om restaurant og matfag