Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Elektrifiserer fleire ferjesamband i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Elektrifiserer fleire ferjesamband i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune fortset elektrifiseringa av ferjetrafikken. Etter å ha sørga for å kutte CO2-utsleppa med nesten 90 prosent på to ferjesamband på Sunnmøre, håpar dei no på liknande klimakutt på Nordmøre.

Sambandet Seivika - Tømmervåg er ein del av Nordmørspakka. 

Tidlegare i mai tildelte fylkeskommunen kontrakten for ferjesambanda Hareid–Sulesund og Magerholm–Sykkylven på Sunnmøre til Fjord1. Her vil det kome fem nye plugg-inn-elektriske ferjer som reduserer CO2-utslippa med heile 89 prosent. No står sambanda Seivika–Tømmervåg og Edøy–Sandvika på Nordmøre for tur.

– Sunnmøre-prosjektet viser at det er mogeleg å kutte store utslepp med å ta i bruk ny teknologi i neste generasjons ferjer. Vi er glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett med høge ambisjonar om å redusere utslipp frå ferjene også på Nordmøre, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova.

Over 50 millionar i støtte

Enova har gitt fylkeskommunen tilsegn om inntil 54,5 millionar kroner til infrastrukturen som må til for å lade ferjene ved kai. Fylkeskommunen meiner moglegheitene no er gode for å gjere dei to ferjestrekningane på Nordmøre meir klimavennleg:

­– Vi er svært fornøgd med eit positivt tilsegn frå Enova. For å realisere gode miljøløysingar på ferjedrifta, er vi helt avhengig av gode støtteordningar. Dette reduserer meirkostnaden som fylkeskommunen får ved å stille strenge miljøkrav. Vi ser frå tidlegare at med tildeling frå Enova, oppnår vi store forbetringar for miljøet.  Dette med å satse på miljøtiltak knytt til ferjedrift, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Oppstart for begge sambanda og resten av Nordmørspakken er 1. januar 2020, og el-ferjene vil vere på plass seinast 2021. Enova har med dette bidratt til å elektrifisere i alt 24 ferjesamband i Møre og Romsdal, Hordaland og Sør-Trøndelag.

– På vegen mot lågutsleppsamfunnet må transportsektoren bli tilnærma utsleppsfri. Dette prosjektet vil bidra til å vidareutvikle teknologien og gjere batteriløysningar konkurransedyktige. Med dette anbodet er Møre og Romsdal derfor med på å vise veg internasjonalt, både innanfor ferjedrift og sjøfart generelt, seier Kvam i Enova.

Kontaktpersonar: