Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Engasjert Ungdomspanel på Stortinget

Engasjert Ungdomspanel på Stortinget

Lyntog, bruløysingar i staden for tunellar på E39 og nasjonalt ungdomskort var hjartesakene til Ungdomspanelet då dei møtte deler av Mørebenken på Stortinget.

Ungdomspanelet fekk omvising på Stortinget av Jenny Klinge (SP)

Ungdomspanelet fekk omvising på Stortinget av Jenny Klinge (SP)

Dei ni ungdomane i Ungdomspanelet hadde forberedt seg godt, då dei saman med fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde møtte på Stortinget i går.  Jenny Klinge frå (Sp) og Else May Botten frå (Ap) tok i mot Ungdomspanelet og lytta til innspela ungdomane hadde til Nasjonal Transportplan (NTP). Dei lovde å ta innspela med seg i det vidare arbeidet med NTP. Dei to stortingsrepresentantane var imponert over engasjementet ungdomane viste, og oppmoda til tettare dialog og samarbeid fram over.

I tillegg til møte med fleire av representantane frå Mørebenken, der dei fekk eit innblikk i korleis arbeidet som stortingspolitikar er både i posisjon og opposisjon, fekk Ungdomspanelet med seg både spørjetime, omvising og lunsj.

Ungdomspanelet på Mørebenken

Ungdomspanelet på Mørebenken

Møte med barneombodet

Etter besøket på Stortinget var det møte barneombod Reidar Hjermann.  Barneombodet har vore ein av pådrivarane for å få etablert eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom, noko som har vore ei av kjernesakene til Ungdomspanelet. Hjermann fortalde korleis barneombodet arbeider og kva saker dei er opptekne av. Han utfordra mellom anna ungdomspanelet til å vere ein pådrivar til å få gjere barnevernet meir kjent ute i kommunane. Barneombodet opplever at barnevernet er for lite kjent blant barn og unge, både kva dei arbeider med, og korleis ein skal kome i kontakt med dei

Contacts

Anne Berit Svenkerud Halle
rådgivar
71 25 80 95 / Mob. 984 13 003
Send e-mail