Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkestinget 12. og 13. juni

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Rådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Fylkestinget 12. og 13. juni

Det to dagar lange junitinget har no starta opp. Tingsete vert denne gong helde i Fosnavåg, og Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2018-2021, Anbodsutlysing Nordmørspakken og Investeringsprogram for fylkesvegar 2018 -2027 er mellom sakene utvalet skal behandle.

Tingsamlinga startar med fylkesrodføraren sin årlege tale til fylkestinget, før det vert gruppemøter (ca. kl. 14.00) og behandling av saker etter saklista (ca. kl. 16.00).

Saker til behandling: (vedtaka vert lagt inn fortløpande)

  T 14/17    Melding om status for oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og statlege tilsynsrapportar  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 15/17    Forvaltningsrevisjonsprosjekt - FR 2/16: Drift og vedlikehald av skolebygg  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 16/17   Val av medlem og varamedlem til representantskapet i SpareBank 1 SMN ut valperioden til 31.12.2019
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 17/17    Yrkesopplæringsnemnda   – suppleringsval 
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 18/17    Endring av vedtekter for ungdommens fylkesting og ungdomspanelet  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 19/17    Møre og Romsdal fylkeskommune - leigeavtale med Molde kommune om areal for Molde vgs. i Molde kulturskole sine lokalar  
Torgeir Dahl (H) vart kjent inhabil i saka, og tredde frå under behandlinga. 
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 20/17   Økonomirapportering per 1. tertial 2017  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 21/17    K002   Sørsidebygget i Ålesund - Byggeprogram 
Eva Vinje Aurdal (Ap) vart kjent inhabil i saka, og tredde frå under behandlinga.  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 22/17    Investeringsprogram for fylkeskommunale bygningar  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 23/17   Anbodsutlysing Nordmørspakken  
Tilrådinga samrøystes vedteke med tillegg
     
  T 24/17    Dekketilstand fylkesveg i Møre og Romsdal
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 25/17    Investeringsprogram for fylkesvegar 2018 -2027
Det var punktvis votering. Tilrådinga vedteke med ei endring
     
  T 26/17    Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan
Det vart votert punktvis. Tilrådinga vedteke.
     
  T 27/17    Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2017 - 2021  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 28/17    Endring i §12, 3 ledd i Lokal inntaksforskrift- Vg1 Studiespesialisering med toppidrett  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 29/17   Utviklingsplan Tingvoll vidaregåande skole  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 30/17    Landbruksmelding for Møre og Romsdal  
Tilrådinga samrøystes vedteke. Tillegg fremma av Frøydis Austigard vedteke mot 15 røyster
     
  T 31/17    Sikringskjøp av Kirkegata 1A i Ålesund til museumsformål  
Sissel Rykhus (Ap), Jon Aasen (Ap) og Arild Iversen (Krf) var kjent inhabile og gjekk frå under behandlinga. Tilrådinga samrøystes vedteke.
     
  T 32/17    Søknad om permisjon frå fylkeskommunale verv - Peder Gjerstad  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 33/17    Søknad om permisjon frå fylkeskommunale verv - Erik Kursetgjerde  
Tilrådinga samrøystes vedteke
     
  T 34/17    Interpellasjon frå Erik Kursetgjerde ang periodebillett ungdom - inkludering av nattbuss        
  T 35/17    Interpellasjon frå Syver Hanken og Peder Gjerstad ang. reduksjon av tal fylkestingsrepresentantar        
  T 36/17    Interpellasjon frå Syver Hanken og Peder Gjerstad vedr. reduksjon av politikargodtgjersle

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn de her.

Du kan følgje debatten direkte på: mrfylke.no/streaming