Høge søkjartal til fagskolane
Søkjartala til alle utdanningstilboda ved fagskoleutdanningane i Møre og Romsdal er høge i år.
- Søkjartala er gledeleg høge til alle utdanningstilboda både ved fagskolen i Kristiansund og ved fagskolen i Ålesund, opplyser fagleiar Thorbjørn Myhre ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Særs gledeleg er det å sjå tala for petroleumsfaga ved Fagskolen i Kristiansund; tal på søkjarar stadfester tilboda sin posisjon og syner stor etterspurnad etter denne kompetansen, meiner Myhre.
Han viser også til at søkjartala til dei maritime utdanningane ved Fagskolen i Ålesund er mellom dei høgaste i landet.
Kontakt fagskolane for meir informasjon:
Oppdatert: 24.04.12
