Inviterer ungdom til europaworkshop
Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Kristiansund kommune og Aktiv Ungdom inviterer til workshop i Kristiansund torsdag 31. mai. Målet med workshopen er å få fram gode idear til ungdomsprosjekt som til dømes gruppeutveksling, ungdomskafé eller skatepark.
Aktiv Ungdom - EU si støtteordning for ungdomsprosjekt - samarbeider med Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune om workshop for gode ungdomsprosjekt.
Aktiv Ungdom er EU si støtteordning for ungdomsprosjekt. Dei kjem frå Oslo for å halde workshopen. Fokus vil vere Gruppeutveksling og Ungdomsinitiativ, to av dei mest populære ordningane i Aktiv Ungdom. Målgruppa er ungdom, ungdomsorganisasjonar og ungdomsarbeidarar.
Ber ungdommane komme med idéar
Rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Trond Myrland ønskjer å lytte til kva ungdommane sjølve har behov for:
-Tanken med workshopen er å vise nokre av mulegheitene som finst, kva ein kan søkje støtte til, og korleis ein gjer det. Men det er viktig at ungdomane sjølve kjem med sine idear og behov, seier Myrland.
Møte ungdom frå andre land
Gruppeutveksling er eit opplegg der ungdom mellom 13 og 25 år møter ungdomsgrupper frå andre land. Tema kan vere alt frå sport, musikk og kultur. Her finst støtteordningar for både reise og opphald.
- Kva er Ungdomsinitiativ?
-Ungdomsinitiativ er eit opplegg der minst fire ungdommar mellom 15 og 30 år kan få økonomisk støtte til å starte eigne prosjekt. Døme på slike prosjekt er ungdomskafé, ungdomsavis eller skatebane, seier Myrland.
Gratis workshop!
Det kostar ingen ting å vere med på workshopen . Møre og Romsdal fylkeskommune dekkjer mat og rimelegaste transportmåte.
- Vi har merka oss stor interesse, og vi håpar det kjem både ungdom, ungdomsarbeidarar og representantar frå ungdomsorganisasjonar, seier Myrland.
Det er lagt opp til to workshops (same dag):
Torsdag 31. mai, Kristiansund, kultur og næringsbygget
- Workshop 1: 12.00 – 16.00
- Workshop 2: Kl. 17.00 – 21.00
For meir informasjon sjå www.mrfylke.no/kalender eller kontakt rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Trond Myrland, på tlf. 71 25 81 82 / 958 89 227
Oppdatert: 24.05.12