Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Klart for Kulturtorget 2012

Klart for Kulturtorget 2012

Onsdag 25. januar opnar Møre og Romsdal fylkeskommune det årlege Kulturtorget! Produksjonane i år dekkjer alle kulturutrykka som ligg i Kultursekken: scenekunst, musikk, visuell kunst, litteratur, film og kulturarv. Nytt av året er at alle dei vidaregåande skolane er med, og i femten kommunar er også barnehagane med i Kultursekken.

Alt klart for Kulturtorget 2012

Alt klart for Kulturtorget 2012

Kulturtorget er møtestaden kor utøvarar som er aktuelle for turné i fylket syner fram produksjonane sine, med barnehagebarn, elevar, pedagogar, politikarar og byråkratar som tilskodarar. Frå 25-27. januar kjem eit utval profesjonelle utøvarar til Bjørnsonhuset for å vise om lag 35 framsyningar, laugsprosjekt og kulturproduksjonar. Neste skuleår vert mange av produksjonane frå Kulturtorget å finne i Kultursekken.

BILDET: Eide skyggeteater

Nysirkus

Dei aller ivrigaste tjuvstartar Kulturtorget allereie tysdag 24. januar. Då deltek ei gruppe 5-åringar frå Cecilienfryd barnehage i Molde i sirkusverkstad med den svenske nysirkusgruppa Cirkus Cirkör. 5-åringane vil også hjelpe til når Cirkus Cirkör har framsyning under Barnehagetorget på onsdag. Deltakarane som kjem på torsdag skal også få oppleve verkemiddel frå nysirkustradisjonen. Då gjer Frida Odden Brinkmann og Ricardo Gaston Sanchez ein visitt til Noreg for å spele den spektakulære og vemodsvakre framsyninga Circo Herencia.

BILDET: Circus (foto: Linnea S. Arbab)

Variasjon

Mangfaldet av utøvarar og den store spreiinga i publikum skapar rik variasjon i programmet. Torsdag speler Oslo-gruppa Blendwerk teater si framsyning Å leve på kode 6 for lærarar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Teaterstykkjet spring ut av skodespelar Monica Borg Fure sitt arbeid med Redd Barna sin kampanje “Vennligst forstyrr” og gir eit bilete av korleis dagleglivet artar seg for menneskje som lever med trugsmål, hemmeleg namn og hemmeleg bustad.

Kulturtorget er også ei anledning til å sjå kva kulturaktørar i Møre og Romsdal har å bringe til torgs. Nokre døme på det kjem frå Teatret Vårt, som vil vere til stades med den flunkande nye framsyninga En komikers oppvekst samt fleire andre framsyningar. Dei kjem også til å presentere arbeidet med den planlagde framsyninga I mørkets hjerte. På fredag vert det folkemusikk i konserten Vinden er stille i Røbekk kyrkje. Utøvarane er Britt Elise Skram, Gro Kjelleberg Solli og Erik Fostervoll.

FOTO: Vinden er stille

Kulturlaug

Kultursekken skal ikkje berre vise elevane ferdige framsyningar. I skoleåret 2011/2012 får heile 17.500 grunnskole-elevar tilbod om å vere med i kulturlaugsprosjekt, kor dei lærar av profesjonelle utøvarar innafor ulike uttrykksformer, til dømes skulptur, teater, kulturarv, hip-hop og musikkvideo. På fredag får deltakarane på Kulturtorget presentert korleis aktivitetane i kulturlauga går føre seg. Då syner kulturskolane i mellom anna Eide, Molde, Norddal og Vestnes fram resultat frå deira kulturlaugsprosjekt saman med elevar frå kommunane. Elevar frå Åndalsnes ungdomsskole kjem for å vise kva dei har arbeidd med under musikal-lauget, og elevane frå Bekkevoll ungdomsskole gir ein smakebit frå deira hip-hop-laug med dansegruppa Freestyle Phanatix frå Danmark.

BILDET: Indre Nordmøre animasjon

Heile programmet og meir om innhaldet i produksjonane finn de på: www.kultursekken.no

For nærare informasjon om arrangementet og dei enkelte produksjonane, kontakt:

  

Johild Kosberg Bredin
Fagsjef kulturformidling
Telefon: 71 25 89 12/911 49 119
e-post: johild.bredin@mrfylke.no

Anette Storli Andersen
Rådgivar kulturformidling
Telefon: 71 25 89 12 / 988 27 899
e-post: anette.storli.andersen@mrfylke.no

Hanne Brakstad
Rådgivar kulturformidling
Telefon: 922 877 66/71 25 88 38
e-post: hanne.brakstad@mrfylke.no

FLEIRE BILDE FRÅ KULTURTORGET:

 

BILDET: Kode 6 

Foto: Askeladden - foto: Mariel Lødum

    

 En komikers oppvekst  (foto Arild Moen)

Circo Herencia - Lucia Herrero.jpg

 

    

Av dyr er du kommet (foto: Motorfinger)

 På do med Gro