Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Kulturtorget 2017 - Klart for påmelding

Kontaktpersonar

Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 / Mob. 906 74 399
Send e-post
Maria Haukås Romuld
Rådgiver
71 28 03 12 / Mob. 900 96 919
Send e-post

Kulturtorget 2017 - Klart for påmelding

Kultursekken sin viktigaste møte- og visningsarena, Kulturtorget, blir arrangert 24.-26.januar 2017 i Molde. Påmeldinga er stengt.

Kultursekken sikrar barn og unge profesjonelle kulturopplevingar.

Kulturtorget byr på kulturopplevingar aktuelle for turné med Kultursekken skuleåret 2017/2018 for barnehage, grunnskule og videregåande skole. De får sjå nye produksjonar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst. Det blir også presentert nye kulturlaug.

Gjennom deltaking på Kulturtorget vil kulturkontaktar og kommunekontaktar kunne førebu elevar, barnehagebarn og kollegaer til seinare Kultursekkbesøk. Kulturtorget er fagleg påfyll og kompetanseheving for kulturkontaktene. Møte med nettverket og utveksling av erfaringar er også ein viktig funksjon for dei som deltar. Kulturtorget er også ein viktig møteplass for kulturadministrasjon, politikerar, kunstnerar, kulturinstitusjonar og det frivillige kulturlivet både nasjonalt og regionalt.  

Kulturtorget går av stabelen frå tirsdag 24.1 til torsdag 26.1:

  • Tirsdag 24.01: Barnehage (kl 10:30 - 15:30)
  • Onsdag 25.01: Grunnskole og videregåande skole (start kl 10:30)
  • Torsdag 26.01: Grunnskole og videregåande skole (slutt kl 15:30)

Praktisk informasjon:

Parkering må skje i parkeringstunellen:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum, da det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet. Klikk her for å opne kart til Molde Parkeringshus (ved Molde Domkirke)

Kva står på programmet?

På facebook legg vi ut smakebitar og omtaler av produksjonane. Klikk her for å komme til facebooksida til Kultursekken.

I høgre meny finn du oppdaterte program for kvar målgruppe (barnehage, 1.-7.trinn, ungdomstrinn og videregåande)

Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud. 

Prisar (med forbehold om endringar):

  • Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
  • Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
  • Dagpakke per dag for dei utan hotellovernatting: 455,- 
  • Enkeltrom 24.-25.1.: 1425,- 
  • Dobbeltrom, per person: 24.-25.1.: 1625,-  
  • Middag 25.1. for dei utan overnatting: 395,-
  • Enkeltrom: 25.-26.1.: 1910,- 
  • Dobbeltrom, per person: 25.-26.1.: 1690,-
  • Enkeltrom 24.-26.1.: 3330,-
  • Dobbeltrom 24.-26.1.: 3315,- pr.pers.

Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane. 

Alle måltid unntatt middag tirsdag 24.1 er inkludert i prisane for hotellrom. Deltakarar utan hotellrom betaler dagpakke, som inkluderar lunsj.