Meld deg på nynorsk-kurset no!
Vi du vere med på nynorsk-kurset i Ålesund torsdag 30. september 2010 må du vere snar; torsdag 16. september går fristen ut for å melde seg på! Rettskrivingskurset blir halde i Fylkesbiblioteket sine lokale i Kirkegata 10 i Ålesund. Målgruppe for kurset er tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune som har behov for å oppdatere dei skriftlege språkkunnskapane sine.
Stad: Fylkesbiblioteket sine lokale i Kirkegata 10
Tid: kl. 09:00 – 15:30.
Fagleg ansvarleg for kurset er Jan Magne Dahle.
Påmeldingsfrist : torsdag 16. september
(Det er plass til 20 stk., først til mølla..!)
Kurset blir dekt av sentrale opplæringsmidlar.
Kort om innhaldet:
Kurset tek utgangspunkt i setningar med typiske språklege feil frå ulike dokument i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kursdeltakarane skal først prøve å finne feila, deretter får deltakarane vite kva som er rett språkbruk i forhold til nynorsk grammatikk og ortografi.
Feila blir samla i grupper og kurshaldaren vil ha ein dialog om nynorsk rettskriving i forhold til godkjent grammatikk og dei tilsette sitt talemål. Enkle reglar blir formulert, og ein kort skrivebordsgrammatikk blir presentert.
Det langsiktige målet er at dei vanlegaste feila i fylkeskommunale dokument skal eliminerast.
Ta med Nynorsk Ordliste til kurset. Anna kursmateriell blir delt ut.
Spørsmål om kurset og påmelding kan rettast til Svein Magne Harnes i Infoseksjonen; e-post: smh@mrfylke.no eller på telefon 71258730
Oppdatert: 14.09.10
