Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Mørebenken møtte Campus Kristiansund

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Mørebenken møtte Campus Kristiansund

Ein delegasjon frå Møre og Romsdal var onsdag 3. mai invitert til Stortinget for å fortelje Mørebenken om dei spanande moglegheitene i Campus Kristiansund, og korleis politikarar best kan hjelpe til framover. 

Mørebanken møtte Campus Kristiansund
Foto: Campus Kristiansund/Gorm Kjelsrud Gaare

Prosjekt Campus Kristiansund vart starta tidleg våren 2017, og er eit samarbeid mellom Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Høgskolen i Molde, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Prosjektet skal etablere ein campus for høgare utdanning, forsking og innovasjon i Kristiansund i løpet av få år. Ambisjonen er blant anna å skape eit akademisk tyngdepunkt på Nordmøre, å auke studenttalet vesentleg frå dagens situasjon, og gi næringslivet betre føresetnader for innovasjon og utvikling.

Gode søkartal i 2017
Ideen er at saman kan desse aktørane skape resultat som det er vanskeleg å oppnå kvar for seg, slik at vi oppnår en vinn-vinn-situasjon for heile regionen. Den første positive nyheita kom for ei knapp veke sidan: Høgskolen i Molde (HiMolde) og Høgskolesenteret i Kristiansund (HiKSU) kunne nyleg melde om svært gode søkartal til det nye bachelorstudiet i marin logistikk og økonomi, som HiMolde no etablerer ved høgskolesenteret.

- Vi er veldig glade for å få moglegheita til å komme og fortelje om prosjektet. For oss var det spesielt viktig å ta opp behovet for langsiktig finansiering av studieplassar, og korleis vi tenker å jobbe over tid for å skape innhaldet i Campus Kristiansund. Her vil prosjektet trenge nasjonal støtte. Vi opplever stor positiv interesse både lokalt, i fylket og nasjonalt, og dettevart eit godt møte med nyttige innspel til vegen vidare, seier prosjektleiar for Campus Kristiansund, Roland Mauseth

Har signalisert ytterlegare støtte
Både på Stortinget og i regionalpolitikken har det allereie vore betydeleg innsats for å få etablert Campus-satsinga. Stortinget påla mot slutten av 2016 regjeringa å vurdere korleis dei kan etablere eit meir langsiktig tilbod innan høgare utdanning i Kristiansund. Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd fire millionar kroner til prosjektet, og dei har signalisert ytterligare støtte. Fylkeskommunen har også  tatt på seg prosjektansvaret på vegne av alle aktørane i prosjektet.

Korleis kan prosjektet lykkast?
I møtet på onsdag fikk Mørebenken høyre meir om korleis dei i fortsettinga best kan hjelpe prosjektet med å lykkast. Til stades i møtet var Mørebenken sine representantar Helge Orten (H), Harald T. Nesvik (FrP), Elisabeth Røbekk Nørve (H), Oskar J. Grimstad (Frp), Rigmor Andersen Eide (KrF), Geir Inge Lien (Sp) og Pål Farstad (V).

Frå Møre og Romsdal var fylkesordfører Jon Aasen (Ap), dagleg leiar i ORKidé – Nordmøre regionråd Ellen Engdahl, ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard (Ap), dagleg leiar i KNNFinn Backer, Smøla-ordførar og Orkidéleiar Roger Osen, Halsa-ordfører Ola Rognskog, og Campus Kristiansund sin prosjektleiar Roland Mauseth med i møtet.

- Desse tinga hastar
Høgskolesenteret i Kristiansund (HIKSU) og Prosjekt Campus Kristiansund har same eigarar og samarbeider tett med kvarandre. Dagleg leiar i HiKSU, Jøran Gården, seier dei også opplever stor positivitet frå det politiske miljøet.

- Vi opplever stort engasjement frå politikarane som ønsker å vite korleis dei best kan engasjere seg i dette viktige arbeidet, seier han.

- Det er spesielt to ting vi treng politisk hjelp med. Vi treng å få på plass ei langsiktig finansiering av studiet «Havteknologi», der vi er avhengige av at det blir løyvd 35 studieplassar. Vi treng også ei finansiering av det nye studiet i marin logistikk og økonomi som har vorte veldig populært blant søkarane. Desse tinga hastar, seier Gården.